Gratulerer Vamp med årets Medaaspris

Knarvik Senter er stolt sponsor av Medaasprisen gjennom mange år, og gratulerer Vamp som Medaasprisvinnar for 2017. 

Bandet har sidan debutplata for 24 år sidan fått ein viktig plass i spydspissen av den norske musikkeliten. Musikken og songane deira er ikkje berre eit lunt akkompagnement i kvardagen, men mange av dei følgjer oss også gjennom viktige hendingar i livet frå brullaup til gravferd.
– Som stolt sponsor av Meadaasprisen gjennom mange år, vil vi gratulere Vamp med årets Medaaspris. Dette er vel fortjent, og spesielt gøy sidan det er mitt norske favorittband. Statuen av Ivar Medaas er nyvaska for anledninga, fortel senterleiar Åge Torsvik.

vamp-presse-host-2015

Foto: Haakon Nordvik

Prisvinnarane blir heidra med ein festkonsert av dei sjeldne på Den Nationale Scene i Bergen måndag 6. november. Frå Færøyane kjem stjernesolisten Eivør Pálsdóttir, som har vore gjestevokalist for Vamp på fleire plater og konsertar. Saman med Vamp skal ho mellom andre dela scene med Elisabeth Moberg, Sigurd Sele, Stanley Jacobsen og Per Inge Torkelsen.

«Vamp har utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som treff den norske folkesjela. Dei er som vêret på Vestlandet. Full av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege», heiter det i grunngjevinga til Medaasprisen.

– Vamp har på same måte som Ivar Medaas, turt å gå sine eigne vegar. Dei er genuint opptekne av røtene sine, av havet, av kystfolket og har utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk. Eit uttrykk som verkeleg treff den norske folkesjela. Og så syng dei på morsmålet sitt, på haugesund-dialekten, som er ein viktig signatur for gruppa. Vi er glade for å dela ut Medaasprisen til eit av dei finaste og viktigaste banda vi har i norsk visetradisjon i dag, seier styreleiar Claus Sellevoll i Medaasprisen.

foto-erik-lorentzen

Foto: Erik Lorentzen

Medaasprisen blei delt ut første gong i 2000. Prisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og kr 20 000. Tidlegare vinnarar er blant anna Odd Nordstoga, Jan Eggum, Helge Jordal, Claus Sellevoll, Jon Eikemo og Herborg Kråkevik. Sigrid Moldestad vann prisen i 2016.