Tursekken 2017!

Dei neste tre månadane kan du ved å oppleve flotte turar i Nordhordland vere med i konkurransen om å vinne ein tursekk med innhald til ein verdi av cirka 3000kr. 

Tursekken blei arrangert for første gong i 2015, i forbindelse med friluftslivets år. Sidan den gong har godt over 1000 personar delt sine turbilete på MMS og Instagram, og mange fleire har vore med på tur.

I år har vi valt lagt til nokre nye toppar, medan andre er fine turar vi har med oss frå tidlegare år. Turmåla har varierande vanskegrad, men skal likevel vere overkommelege for dei fleste. På Fløyen på Kløve finn du også aktivitetar undervegs som gjer det ekstra kjekt for born.

Konkurranseperioden er frå 1. mai til 31. august. Du har med andre ord god tid til å leggje inn alle dei ti toppane i kalenderen, kanskje klarar du å slå Trond Bjørstad som gjekk alle turane to år på rad?

Om konkurransen

Konkurransen er eit samarbeid mellom Knarvik Senter, KnarvikMila, Norli og Avisa Nordhordland. Premiane er ti flotte tursekkar med innhald til ein verdi av cirka 3000 kroner frå våre sponsorar.

Slik fungerer det
  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017

 

  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10

 

 

 

TrekantenMarsjen bilde

Les om Trekant marsjen her: TrekantMarsjen_plakat