Ein smak av Stølsheimen

Rusta i Stordalen er eit flott alternativ for sundagsturen med familien. Frå 825 meter over havet byr den på fantastisk utsikt i alle retningar, og avsluttar du med middag på Stordalen Fjellstove blir dagen endå betre.

Stordalen er eit fint utgangspunkt om du skal utforske den vakre Stølsheimen. Herifrå er det gode moglegheiter anten du ønskjer å gå kortare turar eller vere ute heile dagen. Vi treff Reidun Furebotn på veg ned frå Rusta. Ho overtek hytte i Stordalen no i haust, og gler seg veldig til det.
– Vi hadde ei hytte på åremål her for mange år sidan, og har elles vore på mykje dagsturar både om sommaren og på ski om vinteren. Eg er veldig glad i å gå på tur, og går mykje tur heime også. Eg bur ved Salhus, så eg har vore mykje på Veten og Tellevikfjellet. Vi har jo ein som drar oss ut, fortel ho.

Utsikt frå toppen av Rusta mot Stordalen.

Utsikt frå toppen av Rusta mot Stordalen.

Skal Reidun nemne favoritt-turane sine blir det til Stordalsvarden, eller lengre turar kor ein går til Dukestølen eller Vågsetstølen.
– Det er fine turar, og det er veldig greitt at det finst så mange moglegheiter og at ein kan variere litt. Eg synest også turen til Rusta er ein fin tur, og det er kjekt at det er ein rundtur slik at ein slepp å gå ned att same vegen, seier ho.

Flott rundtur

IMG_0650

Skal du heilt til toppen av Rusta følgjer du skiltet mot Røyrdalsfjellet i dette krysset og går vidare mot toppen som etter kvart blir godt synleg.

Vi parkerte ved Stordalen Fjellstove, før vi gjekk på merka løype inn Bukkedalen. Før ein kjem til vatnet er det skilta til Rusta opp lia på høgre side. Turen går vidare på merka sti. Ved skilta følgjer du ruta mot Røyrdalsfjellet og vidare mot Rusta som fort blir godt synlig. Her på 825 meter finn du både Tursekken-plakat og bok du kan skrive namnet ditt i. Du følgjer same stien ned att til skiltet, kor du tar av til ein kortare (men brattare) rute mot fjellstova. Ønskjer du ein mindre bratt tur kan du gå tilbake same ruta som du kom. Turen tar cirka 2 timar.

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på
    Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10