Janne går tur for å kople av

Vi traff ho på veg ned frå Myrsfjellet i Kløvheimbygda, som med sitt vakre utsiktspunkt gjev gode moglegheiter for ein pause i kvardagen. 

Som så mange andre av oss skulle Janne Wergeland gjerne brukt meir av tida si ute. På spørsmål om kva som motiverer ho til å kome seg ut viser ho til det pusterommet det kan gje i kontrast til livet elles.
– Humøret går opp etter ein tur. Det er fin avkopling, fordi ein får slappe av og tenke på andre ting. Også er det sjølvsagt utruleg fint å få sjå utsikta frå toppen. Den er veldig fin sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut før ein er oppe, fortel ho.

IMG_0386
Janne kjem frå Skauge, men er på besøk hjå far sin på Myr og er med andre ord godt kjent i området. Ho trivst godt på Myrsfjellet, sjølv om det til tider lever opp til namnet sitt.
– Det er ein enkel og fin tur som er litt myrete nokre stader, men det har gått greit i dag sjølv om det har regna så mykje som no i det siste. Det er kjekt å gå tur, men det er litt av og på kor mykje eg er ute. Eg har lyst til å gå meir enn eg faktisk gjer, seier ho.

Allsidig rundtur

IMG_5124Myrsfjellet ligg ved Kløvheimbygda, og ein kan velje å starte frå Vangen, Myr eller Bjørnevollskrysset. Kløvheim Bygdelag har dei siste åra gjort ein stor innsats med å oppgradere og merke turløypene i området, og denne turen er ikkje noko unntak. Raud- og blåmalte pinnar i trea gjer det enkelt å følgje stien sjølv om du ikkje på førehand veit kor du skal gå. Det finst enkelte våte parti i løypa, og det er difor anbefalt å gå i vasstette sko. Vi valde å starte på Myr og følgje stien vidare til Bjørnevollskrysset, før vi gjekk hovudvegen tilbake til startpunktet. Med denne ruta kjem du raskt opp på fjellet før du følgjer stien vidare til utsiktspunktet kor du kan skrive namnet ditt i boka, ta sjølfi med Tursekken-plakaten og setje deg ned på benken og nyte utsikta. Ønskjer du ein litt lengre tur kan du velje å starte på eller legge ruta om Vangen.

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på
    Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10