Besøk verdas varmaste by

Fram til 20. oktober kan du oppleve ei heilt unik utstilling på Sentrumstorget. Over 1500 kreative elevar frå Nordhordland og omegn har bidratt med nålefilta hus, landskap og figurar som til saman er Ullbyen “sjø og land”.

Utstillinga blei høgtideleg opna av Jeanette, Mira, Mathilde og Maynard frå 6A ved Vestbygd skule under Ullfesten som og markerte starten for UIlveka på Vestlandet.
– Det er gøy å jobbe med ull. Vi får lov til å bruke fantasien sjølve, samtidig som temaet gjer at det blir gøy å sjå på. Det har og vore kjekt å få høyre på musikk i timane, fortel dei fire engasjert.

SAMSUNG CSC

 

Nålefilting er hardt arbeid, og sjølv om det er ein aktivitet som er godt likt av elevane kan det nokre gonger gå hardt utover både nåler og fingre. Dei fortel at dei har stukke seg mange gonger, utan at det er noko problem. Det er rett og slett sånt som skjer når ein nålefilter ull.
– Det har vore eit kjekt prosjekt. Dei likar å få utfalde seg kreativt innanfor frie rammar. Vi hadde 200 nåler på skulen når vi starta prosjektet. Då vi var ferdig var det berre åtte att, fortel lærar Asbjørn Toft med eit smil.

SAMSUNG CSC

 

Ullbyen er ein framtidsby, og ein kan tydeleg sjå at mange av elevane er inspirerte frå årets tema “sjø og land”. Spennvidda er stor for kva ein treng i ein by, og sjølv om ull er eit lett materiale veger Ullbyen mange kilo til saman. Jeanette laga ein musling, eit naust og ein skilpadde. Mira har saman med ein av dei andre i klassen laga eit landskap med strand, båt og blekksprut. Maynard laga ein kvithai, medan Mathilde laga hus og fisk. I tillegg laga klassen deira eit fyrtårn i fellesskap. Alt dette er gode eksempel på korleis ull inspirerer og engasjerer.

Årets Ullby er den tredje i rekka, og prosjektet er eit samarbeid mellom Knarvik Senter og Hillesvåg Ullvarefabrikk som ein del av Ullveka på Vestlandet.