Adventstida på Knarvik Senter

Adventstida på Knarvik Senter er spekka med kjekke arrangement, for både store og små. 

Julegateopning 1. desember

Tradisjonen tru opnar julegata på Knarvik Senter den første helga i desember.

Frå klokka 17.00 speler Oster Brass julemusikk, medan dei små ventar på nissen.

Klokka 18.00 tenner nissen julegata saman med barna, det vert nisseshow, godteposer til barna og gløgg til dei vaksne.

Klokka 18.30 kjem Anne Hvidsten for å lese frå den nye bok a si, og synge nokre nye julesongar på Senterscena.

Lørdag 2. desember

Klokka 13.00 inviterar Siv Brundtland og venner frå Lindås Kulturskule og Lindås læringssenter til «konsert med eit smil».

Lørdag 9. desember

Klokka 16.00 speler Oster Brass julekonsert frå Senterscena. Eit fint pusterom for store og små julegåvehandlarar, der ein kan høyre tradisjonell julemusikk og verkeleg kome i julestemning.

Søndag 10. desember

Klokka 15.00 er du invitert til Julejazz, med Alverflaten Jazzband