KnarvikSenter

Bruk båtvet i sommar!

Sommar, sol og varme. Tid for båtliv, godt på fatet og godt i glaset. Det er her feilen kan skje.

Kvart år ser politiet mykje uvetig køyring på sjøen. Ofte skuldast dette inntak av alkohol. Tal viser at ved ein av tre dødsulukker på sjøen, har det vore alkohol involvert. «Promillegrensa på sjøen er på 0,8 promille» seier Einar Vatne ved Nordhordland lensmannskontor. «Om ein skal føre båtar over 15 meter, eller båtar i nyttetrafikk, er grensa på 0,2 promille», fortel han vidare.

Båtar i dag vert stadig større og raskare. Som båtførar har ein eit stort ansvar. Ein må følgjemed på både sjøkart, kartplottar og omgjevnadane rundt. Dess større fart, dess raskare reaksjonsevne må ein ha. «Det krev konsentrasjon», seier Vatne. «Denne konsentrasjonen mister ein etter inntak av alkohol».

Politiet er på sjøen både dag og natt i sommarmånadane. «Vi ser båtulukker kvart år», fortel Vatne. som oppmodar alle om å nytte redningsvest. Det er påbode å ha redningsvestar tilgjengeleg for alle om bord. Vatne oppmodar likevel alle om å ta vesten på med det same. «Om ulukker skjer, er det ikkje alltid ein har tid til å ta på seg vesten», fortel han.

Med desse oppmodingane, er det berre å ynskje alle ein vetig og god båtsommar!

haar

Hår og vår
- heilt naturleg eller ville kontrastar?

Våren er tida for fornying. No er det dags for å ta av seg vinterlua, og sleppe frisøren til. Men korleis skal håret vere i år?

Les mer >>
Marit_frontpage

STRIL? EG?

Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.

Les mer >>
Hanne-SOrvAAg-83

Hanne Sørvaag klar for nattope fredag 3. mai

Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”.

Les mer >>