Fasade Garn og Broderi 17 / 1. Etasje

Garn og Broderi

17 / 1. Etasje

Garn & Broderi er ein spesialbutikk i Knarvik Senter for garn til strikking og broderiutstyr.


Me ligg plassert rett ved inngang 4 – i lyse, opne lokale. 

Vi har stort utval i strikkegarn frå alle dei store leverandørane i Norge, me er totalforhandlar av Sandnes og Dale, i tillegg til eit rikt utval av strikkegarn frå Du Store Alpakka, Rauma, PT-garn og Cewec.

Me ynskjer å tilby god service til kundane våre, treng du hjelp til ei oppskrift eller lurar på kva kvalitet du skal velja i det neste prosjektet ditt er me klare til å hjelpa deg vidare.

Å driva med handarbeid gjer ro i sjela, men utan godt verktøy i nevane vert det fort kluss – me har strikkepinnar i alle størrelsar og fleire kvalitetar som gir deg godfølelsen. Nåler, sakser og anna broderi- og strikketilbehør har me også eit godt utval av.

Du er alltid velkomen innom butikken til oss!