STRIL? EG?
Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.
Les mer >>Motedesign, salmakar og seglmakar. Planane er klare. Elevane ved Design- og tekstillinja ved Knarvik vidaregåande skule har mot i brøstet og saks i handa. Snart er det moteshow i Knarvik Senter.
Og modellane?
Det er elevane sjølve.
Klasserommet er ikkje som klasserom flest. Fargerike stoff, mønster og prøvedokker dekorerer rommet og skapar atmosfære for dei kreative elevane. Kvar for seg sit dei i djup konsentrasjon med nål og tråd. Blir kåpa ferdig til moteshowet, mon tru? Sit kjolen som den skal? Elevane er forbausande rolig. Lærar Reidun Langesæter er stolt av elevane sine. ”Dei er i rute, og gler seg til å vise fram dei ferdige produkta”.
Likevel rår det ein uro i klassen. Dette er siste designkullet som går ut frå Knarvik vidaregåande skule. Linja skal leggast ned, og elevane strittar imot. ”Vi har skrive brev og lesarinnlegg”, fortel elevane, som er tydeleg frustrerte. Dei har blitt fortalt at det ikkje er marknad for ei slik utdanning, og at skuletilbodet difor må reduserast. Elevane er ikkje einige. ”Vi har mange moglegheiter”, fortel dei, og viser til både lærlingeplassar og høgskuleutdanningar.
Karina Dale drøymer om å verte salmakar. Ho har nokre lærlingeplassar på taket, og reknar med å sitje med ein i handa i løpet av veka. Cecilie Iden og Torunn Sødal Eidsnes ser og lyst på framtida. ”Vi skal først ta studiespesialisering”, fortel dei, og legg til at dette er eit krav om ein ynskjer vidare utdanning i utlandet. Og det er nettopp det dei skal. Dei planlegg vidare utdanning på Teko Design og Business i Danmark. ”Vi har vald ei linje som krev at vi må satse litt”, fortel jentene, som drøymer om å starte eige føretak i framtida.
Elevane er ikkje vanskeleg å be, og gjev gladeleg ein liten forsmak på kva vi kan vente oss på moteshowet i Knarvik Senter 15. juni. Alt frå ballkjolar og skjørt, til jumpsuits og ulltrøyer. Før moteshowet skal elevane få flott make-up og frisyre av lærlingane hos Marits Frisørteam. ”Vi gler oss veldig til å vise fram det vi har jobba med i år”, fortel elevane entusiastisk, før dei vender nasen mot den siste saumen, det siste knappholet og den siste spila i korsettet. Då, er vi klar!
Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.
Les mer >>
Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”. For øvrig produsert i Nashville, saman med nokre av verdas beste låtskrivarar innan countrysjangeren.
Les mer >>
Ikkje mykje går desse damene hus forbi. ”Nattope på senteret, seier du? Me kjem”! Søstrene Ragna og Signy likar
å vere der det skjer. I alle fall Ragna. Signy kan styre seg.