KnarvikSenter

Dressmann i ny drakt

Tar du deg ein tur på Vestretorget, er det ikkje fritt for at du kan verte freista til å investere i ny dress. Nytt inngangsparti, nye prøverom  og opne løysingar. Dressmann har nytta sommaren til å bygge om butikken.

”No får kundane presentert heile butikken før dei kjem inn”, fortel Anne Karin Solberg på Dressmann. Ho er strålande nøgd med resultatet. ”Det var rimeleg kaotisk her dei dagane vi bygga om”, fortel ho, men bråk og støv såg ikkje ut til å stoppe kundane frå ein handel på Dressmann. ”Vi hadde ei salsauke på 51% den veka det stod på som verst”, fortel ho med eit smil. ”Vi er takksame for tålmodige kundar og naboar som let oss halde på”, legg ho til. ”I år har Dressmann 45 års jubileum”, fortel Anne Karin ”så det passa jo bra å gjere litt stas på jubilanten”. Anne Karin ynskjer nye og gamle kundar velkomne til ”nye” Dressmann!

Marit_frontpage

STRIL? EG?

Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.

Les mer >>
Hanne-SOrvAAg-83

Hanne Sørvaag klar for nattope fredag 3. mai

Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”. For øvrig produsert i Nashville, saman med nokre av verdas beste låtskrivarar innan countrysjangeren.

Les mer >>
Møt Ragna og Signy på Nattope, 3. mai i Knarvik Senter

Ragna og Signy – gjer seg klar for Knarvik

Ikkje mykje går desse damene hus forbi. ”Nattope på senteret, seier du? Me kjem”! Søstrene Ragna og Signy likar
å vere der det skjer. I alle fall Ragna. Signy kan styre seg.

Les mer >>