KnarvikSenter

Frå ski til politi

Glenn Ulrik Våge er ein nøgd mann. Jobben som politi er akkurat det han håpa den skulle bli. Når han i tillegg får nytta fritida si ute i det fri saman med familien, er alt som det skal vere.

«Eg valde å bli politi for å ha ein allsidig og spanande arbeidskvardag», fortel Glenn Ulrik. «Du veit aldri kva dagen bringer, og det er akkurat slik eg vil ha det». Glenn Ulrik fortel at det er viktig å kunne omstille seg fort når ein jobbar som politi. Han møter både frustrasjon, sinne og sorg. «Eg meiner det er viktig å føle seg fram», fortel han vidare. «Alle menneske er forskjellig». Samstundes vektlegg han at dei fleste møta er positive og gjevande. Glenn Ulrik er opptatt av å halde seg i god fysisk form. «På den måten vert ein betre rusta til å møte både psykiske og fysiske utfordringar i jobben».

Glenn Ulrik er gift og har ein son på fem år. Familien er glad i å vere ute, og aller helst med ski på beina. «Det er viktig at borna får ei positiv oppleving», seier Glenn Ulrik. «Vi må leike og ha det gøy». Dette vert siste ordet, før han tar snører skiskoa, og vender snuten mot Alpane, familie, snø og moro.

Marit_frontpage

STRIL? EG?

Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.

Les mer >>
Hanne-SOrvAAg-83

Hanne Sørvaag klar for nattope fredag 3. mai

Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”. For øvrig produsert i Nashville, saman med nokre av verdas beste låtskrivarar innan countrysjangeren.

Les mer >>
Møt Ragna og Signy på Nattope, 3. mai i Knarvik Senter

Ragna og Signy – gjer seg klar for Knarvik

Ikkje mykje går desse damene hus forbi. ”Nattope på senteret, seier du? Me kjem”! Søstrene Ragna og Signy likar
å vere der det skjer. I alle fall Ragna. Signy kan styre seg.

Les mer >>