Gavekort_1200px

Elektroniske gåvekort

Elektroniske gåvekort kan du kjøpe her på nettsida, på Senterkontoret (man-fre kl. 08.30-15.30), i gåvekortautomaten v/Kiwi, eller hos Life (Frisk Mat & Helse AS) i senteret si opningstid.

Kjøper du gåvekortet her på nettsida får du det tilsendt i posten. Alle utsalgsstadene tek kun betaling med kort i terminal. Bedriftskundar kan få tilsendt faktura etter avtale med Senterkontoret.

Korta kan ladast med valfri sum frå kr 100,- og har ei gyldigheit på eitt år. I tillegg til ladesummen kjem ein kostnad på kr 20,- pr. kort. Korta kan nyttast i om lag 60 butikkar i Knarvik Senter. Den totale summen kan delast opp, og du kan handla i fleire butikkar med same kortet. Du treng ingen PIN-kode for å bruka kortet. Kortet kan ikkje løysast inn i kontantar.

Kjøp gåvekort her »


Sjekk din saldo

Saldo på kortet kan du få i betalingsterminalen i butikkane, i gåvekortautomaten eller her på internett ved å følgja lenka under.

gavekort_new