STRIL? EG?
Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.
Les mer >>
På Mocca er Hilde i full gang med å pakke ut varer. ”Vi har fått mykje nytt”, smilar ho entusiastisk og visar fram den nyankomne haustkolleksjonen.
”I haust vert det mykje grått, burgunder og petrolfargar”, fortel ho. ”I tillegg ser vi mykje klare grønfargar”. Hilde peikar innover i butikken. ”Som du ser, vert det mykje blusar i haust”, fortel ho, og visar fram ein søt bluse i svart og kvitt. ”Blusen skal gjerne oppi buksa”. Hilde peikar og forklarar. ”Kragar ser vi og mykje av i haust”, seier ho vidare og peikar på den lille kragen i kontrastfargar.
”Shortsen vert med oss inn i hausten”, fortel Hilde, ”i alt frå bomull til skinn”. Ikkje alle haustkleda er på plass enno. ”Vi kan gle oss til gode strikkeklede litt seinare i haust”, avsluttar Hilde, før ho fortset med varene.

På rad og rekkje står skoa som er klare for å ta oss gjennom hausten. Anne Lise på Haaland Eurosko gler seg til å vise fram dei nye haustskoa.
”Chelsea boots ser vi mykje av i haust”, seier Anne Lise og viser fram den ankelhøge flate støvletten. ”Denne finn vi til både menn og kvinner”, fortel ho vidare. I hyllene står det støvlettar i varme haustfargar, steinfarge, brun, okseblod og burgunder. ” Elles er støvlettane lågare enn dei var i fjor”. Anne Lise viser fram ein støvlett som rekk til midt på leggen. Anne Lise har meir å vise fram. ”Er ikkje denne lekker?”, spør ho entusiastisk. Anne Lise held fram ein lav støvlett i lakk. ”Nydelig å sjå på, og veldig god å gå i”, fortel Anne Lise. ”Og det beste av alt, vi har matchande veske”, avsluttar ho med eit smil. No kan hausten kome!

Hausten har kome til Match. Burgunder, flaskegrønt, brunt og sennepsgul. Malin Vedøy Uthaug på Match er klar for hausten.
”Vi ser utradisjonelle fargar på både bukser og jakkar denne hausten”, fortel Malin, og viser til flaskegrønne jeans og ei sennepsgul skinnjakke på veggen. ”Det veldig friskt saman med enkelt tilbehør”, fortel ho. På buksefronten er det framleis skinny jeans som gjeldt, og gjerne med høgt liv. Av smykker, kan Malin avsløre at det vil kome inn store statementsmykker til hausten. ”Elles har vi fargerike sjal i hausten sine fargar”, fortel Malin, og legg til at dei er supre til å friske opp til dømes ei mørk vinterkåpe.
På Cmyk blir vi møtt av bord og veggar som bugner av nye haustvarer. Vesker i lyse jordfargar. Sjal med stjerner. Gull og glitter.

”Vi får inn mykje i gyldne fargar i haust”, fortel Daniella Svindal Fernando på Cmyk. ”Fargar som sennepsgult, burgunder og beige ser vi mykje av i haustkolleksjonen”. Jentene på Cmyk er sjølv pynta med smykker i gull. ”No er det gull som gjeldt”, smiler dei, og legg til at smykka gjerne skal vere store, såkalla ”statementsmykker”. Cmyk skal utvide sortimentet sitt denne hausten. I tillegg til vesker og smykker, skal det no verte mogeleg å kjøpe deksel til iPad og iPhone hos Cmyk. ”Det vert eit stort utval i gøye fargar og mønster”, fortel Daniella og sleng på seg ei stilig veske til ære for fotografen.
Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.
Les mer >>
Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”. For øvrig produsert i Nashville, saman med nokre av verdas beste låtskrivarar innan countrysjangeren.
Les mer >>
Ikkje mykje går desse damene hus forbi. ”Nattope på senteret, seier du? Me kjem”! Søstrene Ragna og Signy likar
å vere der det skjer. I alle fall Ragna. Signy kan styre seg.