STRIL? EG?
Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.
Les mer >>Blåskjel er utruleg godt og gir utallige muligheiter til å variere smaken. Det tar kun eit par minuttar frå du startar tilberedninga til du har eit herremåltid!
Tidsbruk: Under 20 min
Vanskelegheitsgrad: Middels
Ingrediensar:
- 1 kg friske blåskjel
- 1 dl kvitvin
- 3 båt finhakka kvitlauk
- 2 stk finhakka sjalottlauk
- 4 ss olivenolje
- 2 stk frisk kruspersille
- 1 stk gulrot i strimler
- ½ stk raud chili
- 2 dl kremfløyte
- 3 ss créme fraîche orginal, 35%
Berekn 1/2 til 1 kg per person – som forrett er det nok med 1/2 kg, som hovudrett berekn rundt 1 kg. Skjela bør oppbevarast i kjøleskap til dei skal brukast. Bruk kun levande skjel, dvs. dei som er lukka eller lukker seg når du gjer dei eit lite kakk. Blåskjel skal kun dampast og er ferdig etter nokre minuttar. Må ikkje dampast for lenge, då blir dei seige og smaklause. Kast skjel som ikkje opnar seg etter damping. Blåskjel er ei god kjelde til jern og vitamin B12 og har lite, men sunt fett. Denne blåskjelvarianten smakar godt heile året og når blåskjela er eten opp, tar du opp ei skei og eter resten som ei suppe. Enkel mat med mykje smak.
Framgangsmåte
1. Skyll og vask blåskjela godt i rennande kaldt vatn. Kast skjel som ikkje lukkar seg når du «kakker» på dei eller skjel som er skada.
2. Fres sjalottlauk, gulrot og kvitlauk i olivenolje i ei gryte. Tilsett blåskjel og kvitvin, legg på lokk og damp til skjela åpnar seg.
3. Ta ut blåskjela, men la kraften ligge igjen i gryta. Tilsett kremfløyte og créme fraîche og kok ned til sausen er passe tykk.
4. Ha blåskjela tilbake i gryta og vend dei inn i kremsausen.
Som tilbehør anbefaler vi eit smakfullt focaccia brød.
Alle ingrediensane finn du i Knarvik Senter.
Oppskrift frå Matprat.no
Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.
Les mer >>
Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”. For øvrig produsert i Nashville, saman med nokre av verdas beste låtskrivarar innan countrysjangeren.
Les mer >>
Ikkje mykje går desse damene hus forbi. ”Nattope på senteret, seier du? Me kjem”! Søstrene Ragna og Signy likar
å vere der det skjer. I alle fall Ragna. Signy kan styre seg.