Litterær humorfest!
Lørdag 8. juni på Senterscenen kan du møte et knippe av Norges fremste humorforfattere hos Norli Knarvik!
Les mer >>Ein skal langt tilbake i tid, om ein leitar etter røtene til den sterke korpskulturen i Nordhordland.
Historia fortel om korpsmiljø kring Bergen frå slutten av 1800-talet. Sidan den tid, har fleire korps frå Nordhordland hevda seg i Europatoppen. Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik har nettopp delteke i EM.
I same stund som SenterAvisa går i trykken, sit forventningsfulle musikantar frå Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik i Rotterdam, klare for Europameisterskapen i brass. I salen har publikum fylt 2200 sitjeplassar.
Dette er grand finale etter mangfaldige timar med øving, til minste detalj. Under konkurransen skal korpsa spele eit pliktnummer, samt eit sjølvvald stykke. Eikanger-Bjørsvik vert dirigert av David King og Manger Musikklag av Peter Szilvay.
Det er ikkje ofte at to korps frå Noreg, og slett ikkje frå Nordhordland, kan stille i EM. Forklaringa er likevel enkel. Eikanger-Bjørsvik vart noregsmeistrar i 2011, og representerer difor Noreg under EM.
Manger Musikklag skal forsvare fjorårets tittel etter sigeren i Montreux i 2011.
Pulsen er høg og konkurransenervane på plass. Begge korpsa går for siger. Likevel har korpsa ein venskapeleg tone, og godt samarbeid på heimebane. I samband med førebuingane til EM i Rotterdam, heldt korpsa mellom anna ein før-EM konsert i Grieghallen.
Vi ønsker lukke til!
Kjelder: Korpsa sine nettsider, www.mangermusikklag.com og www.ebml.no
Lørdag 8. juni på Senterscenen kan du møte et knippe av Norges fremste humorforfattere hos Norli Knarvik!
Les mer >>
Våren er tida for fornying. No er det dags for å ta av seg vinterlua, og sleppe frisøren til. Men korleis skal håret vere i år?
Les mer >>
Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.
Les mer >>