KnarvikSenter

KS_Flyfoto2011

Over 60 butikkar 1250 parkeringsplassar3 timar gratis kundeparkering

Knarvik Senter ligg midt i Knarvikbygda, sentralt plassert ved E39 og 1,5 km fra brufestet til Nordhordlandsbrua. Avstand til Bergen er ca 25 km (25 min. kjøring)

Eit variert vare- og tenestetilbod

Knarvik Senter har ca. 60 virksemder innan vare-handel og bespisning, herav 3 daglegvareforretningar. Dei øvrige virksemdene dekker eit bredt spekter innan tekstil og sko, gåveartiklar, gullsmed, urmaker, bokhandel, foto, optikk, fargehandel, interiør, møbler, elektro, blomster m.m. Resten av dei totalt 100 verksemdene driv privat og offentleg tenesteyting. Lindås og Meland Lensmannskontor held til i senteret, og det same gjer Biblioteket.
Vidare har senteret tre banker, fire eigedomsmeklarar, forsikrings-selskap, advokat og regnskapsfirma. Senteret husar også Avisa Nordhordland, den største av to lokalaviser i distriktet.

I Knarvik forøvrig finn ein også viktige institusjonar som Vinmonopolet kun 100 meter fra senteret. Her ligg også Knarvik Vidaregåande skule, ein stor Rema 1000-butikk, ICA Supermarked, Spectsavers Optikk, Oasen Hageland, Statoil og Shell m.fl. Total bruttoomsetning i tettstaden Knarvik var i 2009 på over 1,2 milliard kroner (eks. bil og bensin).

Parkering

Knarvik Senter har til saman ca. 1250 parkeringsplassar fordelt rundt senteret og i tre parkeringshus. Det er 3 timar gratis parkering mot å trekke P-billett. Ønsker du å vera lenger trekker du ny billett. Senteret har 20 parkeringsplassar for handikappa og 8 ladestasjonar for El-bilar.

Toaletter og stellerom

Senteret er tilrettelagt for rullestolbrukare, har 3 offentlege toalett, stellebord for fedre på herretoalettet samt mødre- og stellerom ved senterkontoret.

Marit_frontpage

STRIL? EG?

Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.

Les mer >>
Hanne-SOrvAAg-83

Hanne Sørvaag klar for nattope fredag 3. mai

Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”. For øvrig produsert i Nashville, saman med nokre av verdas beste låtskrivarar innan countrysjangeren.

Les mer >>
Møt Ragna og Signy på Nattope, 3. mai i Knarvik Senter

Ragna og Signy – gjer seg klar for Knarvik

Ikkje mykje går desse damene hus forbi. ”Nattope på senteret, seier du? Me kjem”! Søstrene Ragna og Signy likar
å vere der det skjer. I alle fall Ragna. Signy kan styre seg.

Les mer >>