KnarvikSenter

Ut på ski – alltid blid!

Som det velkjente kinderegget, kan Nordhordland tilby minst tre gåver til den skiglade. Både nedover, bortover og ikkje minst oppover.

Køyrer du nordover på E39 mot Romarheimsdalen, finn du flott skiterreng på begge sider av vegen. Her kan du mellom anna gå over Blåfjellet til Stussdalen, eller frå Olsbotn til Dyrkolbotn.

Vidare nordover, kjem du til Fjonfjella (og kalla Austefjella), mellom Romarheimsdalen og Masfjorden. Flott variert natur, med vatn, skog og bratte fjell. Her er fleire vatn, så ver viss på at dei er trygge før du legg ut.

Ein dryg time frå Knarvik, finn du Stordalen skisenter. Dei inviterer til eit intimt og koselig skisenter med flotte varierte nedfartar. I påska held dei ope kvar dag frå kl. 11:00 – 16:00. Visste du forresten at dette er det rimelegaste skitrekket i Noreg?
Likar du betre preparerte løyper, finnast det fleire langs E39. I Hopsdalen ved Leiknes, på Gamle-sætra i Romarheimsdalen, og ved Fjon Fjellkyrkje. Med atterhald om tilstrekkeleg med snø.

God skipåske!

haar

Hår og vår
- heilt naturleg eller ville kontrastar?

Våren er tida for fornying. No er det dags for å ta av seg vinterlua, og sleppe frisøren til. Men korleis skal håret vere i år?

Les mer >>
Marit_frontpage

STRIL? EG?

Om ikkje identitetskrise, så kanskje identitetsforvirring. Eller i det minste ei lita murring. For kven er eigentleg denne strilen? Og er eg ein slik? Eg fann svaret på bussen. Frå bydn til Knarvik.

Les mer >>
Hanne-SOrvAAg-83

Hanne Sørvaag klar for nattope fredag 3. mai

Vokalist, komponist, tekstforfatter og The Voice-dommar. For å nevne noko. For tida ute med sitt fjerde album, countryplata “All Is Forgiven”.

Les mer >>