Ein møteplass for tradisjonar

Bunaden er det viktigaste festplagget i mai. Nokre av dei tilsette i senteret viser stolt fram deira festplagg. Vi har spurt dei kvifor dei har akkurat denne bunaden.

bunader_tilweb

1. Margun Alette Stordal, Nordhordlands vinterbunad
65 år og kjem frå Manger. Har denne bunaden fordi ho er Radværing og deler av slekta kjem derifrå. Margun jobbar hos Expert Knarvik.

2. Magnhild Søvik,Fana grønntrøyebunad
36 år og kjem frå Meland. Har ein Fana grønntrøyebunad fordi faren kjem frå Fana. Mora har sydd, tanta har hekla og sjølv har ho strikka alt. Magnhild jobbar hos Wagner Savoy.

3. Anita S. Ramsøy, Rød Nordhordlandsbunad
36 år og kjem frå Grindheim på Radøy. Denne bunaden blei eit naturlig valg sidan ho kjem frå Nordhordland. Anita jobbar hos Lindex.

4. Mariann Einestrand, Nordhordlands vinterbunad
36 år, kjem frå Meland og jobbar hos Lindex. Bunad frå Nordhordland var eit naturleg val også for henne, og ho synest vinterbunaden var fin.

5. Bente Aarlie Sørensen, Hausbunad. Ein variant av festbunaden til Nordhordland
42 år, kjem frå Gaupås i Ytre Arna men oppvaksen på Hylkje i Åsane. Då ho har sterke bånd til Osterøy både på morssida og farssida vart Hausbunaden eit naturleg val. Bente jobbar på Senterkontoret.

bunader_tilweb2

6. Åge Torsvik, Masfjordbunad, lånt av storebror Torbjørn
48 år og kjem frå Knarvik. Han synest Masfjordbunaden er ganske lik Nordhordlandsbunaden, men litt finare. Slekta stammar frå Torsvik i Masfjorden, der far hans vaks opp, og han har fortsatt sterk tilknytning med stor slekt buande i Masfjorden. Åge jobbar som Senterleiar for Knarvik Senter.

7. Marit Midtgård, Vinterbunad frå Nordhordland
35 år og kjem frå Hillesvåg. Ho har to søstre som óg har vinterbunad. Ho valde den svarte, og ikkje den mørkeblå fordi ho ville matche sin framtidige mann – som sjølvsagt skulle ha bunad! (Det siste ventar ho framleis på…) Marit jobbar hos Ungdomskontakten Salto.

8. Eva Brattlid, Svart Nordhordlandsbunad
66 år og kjem frå Meland. Valet av Norhordlandsbunad var sjølvsagd då både mor og far hennar var frå Nordhordaland. Eva jobbar hos Clemen Gull.

9. Hilde Flataker, Vestlandsdrakt
44 år og kjem frå Askøy. Ho har Vestlandsdrakt fordi ho er stolt over å vere ein ekte Vestlending. Hilde jobbar hos Mocca/Småkul.

bunader_tilweb3

10. Magne Storheim, Nordhordlandsbunad
54 år og kjem frå Radøy. Han har denne bunaden fordi han er frå Nordhordland, og fordi det er ein familietradisjon. Magne jobbar hos Eiendomsmeglar Vest.

11. Kathrine Haaland Ekkeren, Nordhordlandsbunad
41 år og kjem frå Knarvik. Ho har denne bunaden fordi ho kjem frå Nordhordland. Kathrine jobbar hos Haaland Eurosko.

12. Lisa Clementsen Syslak, Rød Nordhordlandsbunad
22 år og kjem fråAlversund. Ho har denne bunaden fordi oldemor hennar var med å komponera Nordhordlandsbunaden. Ho bruker brystduken og beltet etter oldemora. Lisa jobbar hos Clemen Gull.

13. Trine Clementsen, Nordhordlandsbunad
18 år og kjem frå Alversund. Ho har denne bunaden fordi det ikkje er så mange som har Nordhordlandsbunad med silkebrokader. Trines mor, mormor, tante og kusine har den óg. I gamledagar var det berre dei rike som hadde bunad med silkebrokade. Mormor hennar fekk velje av syersken om ho ville ha med silke eller vanlig liv. Derfor ligg den i familien no. Trine jobbar hos Haaland Eurosko.

14. Therese Høgquist, Fanabunad
34 år og kjem frå Fana, men bur på Holme. Ho har denne bunaden fordi ho er oppvaksen i Fana. Jobbar hos Knarvik Kiropraktor Klinikk.

15. Magnus Haaland Ekkeren, Nordhordlandsbunad
12 år og kjem frå Knarvik. Mormora har sydd bunaden hans, og han har denne bunaden fordi han kjem frå Nordhordland.