Tradisjon for framtida

Med sine 175 medlemmar er Nordhordland Husflidslag eit av dei største laga i Hordaland. Likevel håpar dei at fleire vil engasjere seg, og øvst på ønskjelista over nye medlemmar står unge og menn.

Nordhordland Husflidslag har sidan starten i 1974 arbeidd for å bevare og vidareformidle gamle tradisjonar og handverksteknikkar i sju Nordhordlandskommunar. Leiar Arild Hagenes fortel at den viktigaste arenaen for å gjere dette er kursverksemd kor ein kan lære det vidare slik at det blir haldt i live.
? Vi arrangerar kurs i gamle handverks-teknikkar som mellom anna bunad, plantefarging, lefsebaking, pilfletting, vev og tauverk. På den måten kan vi lære bort gamle og nye teknikkar til nye generasjonar. Vi er eit aktivt lag, og arrangerer normalt 10-12 kurs i året, seier han.

Verdifullt samarbeid
I tillegg til kursverksemd driver også Husflidslaget med mange andre aktivitetar, som handarbeidskafé i Hillesvåg kvar laurdag, husflidmesse i Knarvik i desember og torgdag i samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk i juni, og laget skal også vere med på Ullveka til hausten. Dei driv også butikken Husflidstova på Ikenberget, og har ei broderinemnd og ei bunadsnemnd.
– Samarbeidet med Hillesvåg er veldig kjekt og verdifult for oss, og det håpar eg det er for dei også. Strikkebølga er over oss for fullt, og ikkje alle har nokon å lære av. Spesielt unge har lyst å lære nye teknikkar, og vi håpar vi kan klare å engasjere dei. Då er det veldig kjekt å snakke med eldre folk som har lyst til å lære bort teknikkane dei kan, fortel Arild.

Nettopp for å rekruttere unge har Husflidslaget no fått tildelt pengar frå prosjektet Breddegave Ull og Sparebankstiftelsen DnB.
– Vi skal lære born og unge om den norske ulla, og kva som skjer frå ull til tråd og ferdig plagg. På den måten kan dei få forståing for prosessen, og lære om kor kleda våre kjem ifrå. Det er eit tankekors at det er veldig få unge som er med oss. Det er lite praktiske fag i skuleverket i dag, og når vi har arrangement med aktivitetar for unge er det kjempepopulært, fortel Arild.

Ønskjer fleire unge og menn
Den typiske medlemmen i laget er ei dame mellom 40 og 90 år, som gjerne er interessert i handarbeid eller husflid generelt. Sjølv om Arild set like stor pris på alle medlemmene sine, håpar han likevel at samansetninga kan forandra seg på sikt. Av 175 medlemmar er berre 9 menn.
– Det er blitt litt betre dei siste åra, men det er framleis for få unge og menn. Dei har mykje å bidra med dei også. Det er veldig kjekt og sosialt å vere med, og ein treffer så mange kjekke og flinke folk. Ein treng ikkje kunne noko frå før, men kanskje lysten til å lære noko kan bli tent om ein deltar. Eg har lært mykje på dei åra eg har vore med, seier han.

Sjølv kunne han både strikke, hekle og bake lefser når han blei med i laget. Den kvelden vi snakkar med han skal han vidare på vevkurs.
– Det er heilt tilfeldig at eg blei med, då eg vart headhunta under kulturdagane på Radøy for nokre år sidan. Eg er heldig og får treffe folk frå dei andre husflidlaga i Hordaland, og det er også veldig fint. Vi brukar kontaktane våre og lånar litt på kryss og tvers. Førre helg heldt eg lefsekurs på Osterøy, fortel Arild.

Du kan melde deg inn i Nordhordland Husflidslag ved
å gå inn på www.husflid.no.

Vårt identitetskort

Det å ha ein bunad fortel noko om kor ein kjem frå og har røtene sine. I Nordhordland har vi ein rik og godt dokumentert bunadstradisjon, med ein historie som kanskje er litt annleis enn du trur.

Rannveig Reigstad er medlem av bunadsnemnda i Nordhordland Husflidslag, og har vore sterkt engasjert frå starten av. Ho er levande opptatt av bunadane våre og kva dei kan fortelje oss om levesett, skikkar og historia til dei som budde før oss i Nordhordland.
Det er noko spesielt med å få fram desse teknikkane som folk kunne meir før enn me kan i dag. I dag er bunaden eit festplagg som me tar fram til 17. mai, konfirmasjonar, barnedåp og bryllaup. Før i tida fortalde bunaden noko om livssituasjonen, og sjølv om det fanst bunad til fest hadde noko av det me kjenner som bunad i dag ein annan betyding for folk då, fortel ho.

I Nordhordland har me fleire ulike bunadar, og kvar av dei kan også kome med ulike variasjonar. Dei mest kjente til dame blir gjerne kalla festbunad, vinterbunad, grøntrøyebunad og Masfjordbunad. Sistnemnde har også ein variant med raud trøye. Fleire av dei har ikkje vore ute av bruk.
Den mørke som me kjenner som vinterbunad i dag, er eigentleg ikkje det. Den var brukt som kvardagsklede, i veke og til helg. Då hadde dei ikkje sølv på den slik vanen er i dag. Ein 17. mai gjekk eg i den mørke drakta mi. Då møtte eg ein nabo som spurde, «Skjemst du ikkje? Koma hit i kvardagsklede? Kom deg heim og få på deg ein skikkeleg bunad!». Ein utsegn som fortel kva syn førre generasjon var oppvaksne med, fortel Rannveig.

Rekonstruert og dokumentert
Både grøntrøyebunaden og bunaden med raudt liv er ikkje nyoppfunnen, men rekonstruerte ut i frå historiske kjelder. Dette er plagg ein har funne, nedskrivne skildringar, det folk kan fortelje og også nokre bilete. Tilsvarande gjeld for Masfjordbunaden med raud trøye.
Både grøntrøyebunaden og bunaden med raudt liv har vore til tilråding hjå Bunad- og folkedraktrådet som i dag ligg under Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Sjølv om grøntrøyebunaden for mange var ny når den kom er den altså ikkje det historisk sett, seier Rannveig.

Små variasjonar skil draktene frå kvarandre, både for damer og herrar. Det gjeldt både Masfjorden, Osterøy og resten av Nordhordland. Sjølv om bunadane våre er har ei sterk historisk tradisjon, ber me dei ikkje på same måte i dag som tidlegare. Kanskje kunne mange av oss tenkt litt over dette når vi vel tilbehør som bringeduk og søljer.
Tidlegare fekk bringedukane mindre plass og halsen var sydd tettare. Ein brukte ikkje så mykje sølv og det er det ikkje nødvendig å gjere i dag heller. Når ein skal kjøpe søljer til konfirmantar blir dei ofte veldig store, gjerne i den grad at dei dett bakom bringeduken. Så stort sølv har vi etter tradisjonen ikkje brukt i Nordhordland. Frå gamalt av hadde ein ei lita rund sølje, i tillegg til ein i halskanten. Vi bør halde på tradisjonane våre, meiner Rannveig.

Gamle skattar i avispapir
Dersom du leitar gjennom gamle skuffar og skap skal du vere obs på at ting kan ligge inne i gamalt avispapir. Rannveig fortel at dette var ein metode for å holde møllen unna plagga før dei illeluktande møllkulene kom.
Dei liker ikkje lukta av trykksverte, så dette var ein måte å ivareta det ein hadde. Ein bringeduk blir ikkje utslitt om ein tek godt vare på den, og det ligg mange gamle skattar gøymt rundt omkring som ein kanskje ikkje er klar over at er der, seier ho.

I motsetnad til bringedukane, måtte stakk og skjorte gjerne bytast ut med jamne mellomrom. Ein fekk ny bunad når ein stod konfirmant, og når den var utslitt så måtte ein få ny.
Dei brukte det til å gå til kyrkjes og til søndagsbruk. Dei måtte bruke dei materiala dei hadde tilgjengeleg, og ein ta vare på det så godt ein kunne. Grøntrøya kunne til dømes vere strikka, og i nokre tilfelle berre vere strikka armar som vart sydd på livet. Når den var utslitt kunne ein bruke det i floren til vinters. Det er også fortald meg at til bryllaup brukte jentene det raude livet, men at dei skifta til det svarte etter middag. Årsaken skal ha vore at gutane kunne vere skitne på nevane, slik at det kunne setje flekker, fortel Rannveig.

Bunadsnemnda i Nordhordland Husflidslag var ein av forløparane til husflidslaget. Dei arbeidar med å ta vare på bunadstradisjonane våre, samle inn ulike mønster og formidle det vidare. Ønskjer du å ta ta del i deira kunnskap kan du ta turen innom Husflidstova på Ikenberget. Dei har ope alle vekedagar med unntak av søndag.

Husflidlag-logo