Vårens kulaste hårtrender

haartrendar

Salong: Think Hair Wear
Modell: Thomas Vabø
Frisør: Janne Mjåtvedt

På Thomas klippa vi skinfade i nakken og over øyra og behaldt lengda på toppen. Vi brukte 5 min herrefarge for å få ein kaldare hårnyanse.

Styling: AmericanCrew. Boost cream i fuktig hår og Grooming cream når håret er tørt for å få fram teksturen.

haartrendar2

Salong: Think Hair Wear
Modell: Susanne Stenehjem
Frisør: Arleen Fjeld

Her farga vi botn djupare med ein raud/mahogny farge. Lengdene farga vi inn med ein intens raud farge, deretter rulla vi opp håret for å få mjuke krøllar med godt volum.

Produkt: Kevin Murphy. Fønte på Anti gravity spray, Body Builder, Session spray.

Sminke: Jeanette Hordvik.

haartrendar3

Salong: Vice Capo
Modell: Daniel Hosøy
Frisør: Mariell Fondevik

En klassisk og sexy herrefrisyre, ikkje for kortklipt. For å få ønsket look anbefaler vi sea salt spray frå Davines. Og gutane må finna fram hårfønaren igjen! Avslutt med ein god avslutningsvoks, eks. Goo frå Kevin Murphy.

haartrendar4

Salong: Vice Capo
Modell: Kristine Fanebust
Frisør: Anita Førland

Vi har brukt ein fargeteknikk som heiter Balayage, ein teknikk der stripene blir malt på håret med frihand. Dette gjer oss ein meir naturleg «solbleika» striping. Før stripingen la vi på ein klassisk hårfarge.

Styling: Naturlege og litt mjuke krøllar. Så la vi på vi ein lett og frisk makeup.