Veit du kor sølvet ditt kjem frå?

Mange har liggjande bunadssølv frå gamle tider utan at dei veit om det. Gullsmed Oddvar Clementsen ved Arte Clemen Gull fortel korleis ein kan læra om opphavet til sølvet ved hjelp av gamle stempel. Kanskje har du ein antikvitet du ikkje kjente til?

Bunadssølv er noko som gjerne går i arv. Medan nokre har god oversikt over kven som har hatt det og kor det kjem frå, blir mange overraska når dei får høyre at sølvet deira er svært gammalt og noko som kan ha vore i familien i mange generasjonar.
– Vi pussar veldig ofte opp bunadssølv, og då hender det av vi kjem over noko som er veldig gammalt. Når vi fortel folk om desse tinga så blir dei veldig imponert og synes det er veldig kjekt. Nokre har bedt om å få eit dokument på det for så å hengje det på veggen, medan andre tar det fram berre når dei skal bruke det. Desse historiene gir ein jo også noko å snakke om når ein går med det, seier Oddvar.

Før og etter 1900
I alle tider har edle metallar måtte stemplast, og slik er det også den dag i dag. På starten av 1900-tallet vart skikken for korleis ein stempla metallet forandra, og medan vi i dag berre har to stempel måtte dei før dette stemple mykje meir.
– I 1568 vart Bergen gullsmedlaug stifta, og frå dette tidspunktet stempla dei alt det vi i gullsmedbransjen kjenner til. Det første ein kan sjå etter er om det er stempla med 830. Dersom det er det er det laga etter 1900 og fram til vår tid, og ikkje like interessant då me ikkje kan finne så mykje ut om det, fortel han.
Dersom sølvet er eldre enn 1900 er det i hovudsak fem stempel ein kan sjå etter.
– Først og fremst er det eit stempel for kva for ein by det er laga i. Er det laga i Bergen har det syv prikkar på seg. Det andre er eit sølvstempel, då står det 13 ?. Vidare er det eit stempel som det står eit tal på, og dette viser til årstall. Står det til dømes 42, kan det til dømes vere laga i 1842, fortel Oddvar.

Oppslagsverk
Det finst eit stempel med eit tall over ein bokstav, og dette talet fortel kva for ein månad det er laga. Står det 5/W er det laga i mai.
– Den tilhøyrande bokstaven visar at det er kontrollert. Dei edle metallane både har og hadde pengeverdi, og derfor var det ein som måtte sjekke at det stemte det som stod. Slik er det også i dag gjennom edelmetallkontroll i justervesenet, seier han.
Det siste stempelet fortel kven som har laga det.
– Dette stempelet har gjerne ein eller to bokstavar i seg, og ut i frå alle desse stempla har eg oppslagsverk tilbake til 1568 slik at vi kan finne opplysningar om han som har produsert sølvet. Folk synes kanskje det er spesielt interessant om ein veit at det har gått i familien, og som regel har det gjerne det, seier Oddvar.

bunad

Vedlikehald
Når det gjeld korleis ein skal vedlikehalde bunadssølvet finst det nesten like mange svar som det finst søljer.
– Det finst ingen fasit, då ulike overflatebehandlingar og materiale skal behandlast på ulike måtar. Også alder har noko å sei. Det tryggaste er å ta kontakt med ein gullsmedforretning om sølvet treng å reingjerast. Ein bør vere veldig forsiktig med kva ein gjer, fortel han.
Oddvar kan likevel gje to generelle råd for korleis ein bør oppbevare sølvet.
– Det bør oppbevarast i plast, og haldast langt unna alt som heiter gummi. Det bør ikkje vere i nærleiken av dette ein gong, og det finst i mange ting kor ein ikkje tenkjer over det. Eg fekk ein gong inn noko sølv som var oppbevart i same skap som eit par rulleskøyter. Det var det verste eg har sett, fortel han.

Uansett kva sølv ein har og kvar det kjem frå syns Oddvar at det viktigaste er at det får ei historie vidare gjennom at ting blir tatt i bruk.
– Litt av poenget er å bruke det. Ein treng ikkje vere så opptatt av at alt skal passe til den eller den bunaden når ting går i arv. Ein skal bruke det, det vil uansett vere bra, seier han.