Tøffe motar

Toffe_motar_01 Toffe_motar_02 Toffe_motar_03

Ole Johan Ingebrigtsen
Leiar for den førebyggjande avdelinga i NGIB, i tillegg til å arbeide som vakthavande brannsjef i Lindås og Meland brann og redning. Han har tatt brannutdanning medan han har jobba i etaten, og er oppteken av å få tilbakemeldingar frå innbyggjarane.

– Det er gjevande når folk skjønar kva vi snakkar om, og vi på den måten får god respons når vi driv kurs og undervisning. Samstundes betyr det mykje dei gongane vi rykkjer ut på ei hending og det går bra for dei som er ramma, fortel han.

Gunn-Torhild Ramslien
Har jobba i den operative avdelinga i 6-7 år. Det siste halvanna året har ho i tillegg jobba fulltid som trafikksikkerheitskoordinator i Lindås kommune. Ho er sterk i trua på at førebyggjande og haldningsskapande arbeid verkar.

– Det gir meg noko å vere til hjelp og vere i kontakt med menneske. På den eine sida bidrar ein til færre trafikkulykker, og på den andre ser ein på ein brutal måte konsekvensane når det går galt, og kan være til hjelp i ein kritisk og akutt situasjon. Då er det også godt å vere saman om det, med gode kollega, seier ho.

Samir Valdersnes
Er sjåfør og røykdykkar i den operative avdelinga til Lindås og Meland brann og redning. Han trivst i jobben, og er nyleg fulltidstilsett etter å ha jobba deltid i den rullerande vaktordninga i 6-7 år.

– Det som gir meg mest er det som kan høyrast litt klisjéaktig ut, nemleg at ein gjer noko nyttig, både for samfunnet og for enkeltmenneske. Det er spennande å få vere med på, seier han

Hilde Midthaug
Er sjåfør og røykdykkar i Lindås og Meland brann og redning. Ho har arbeidd i den operative avdelinga i 13 år, og var første kvinne ved Knarvik stasjon. For ho betyr det noko å gjere ein forskjell og å kunne hjelpe andre.

– Når det går ein alarm er det fordi nokon er i naud. Nokon må gjere jobben med å hjelpe dei ut av den situasjonen, og det er det gjevande å få vere med på, seier ho.

Toffe_motar_05 Toffe_motar_06

Svein-Åge Renholm
Er feiarinspektør i den førebyggjande avdelinga, og arbeider også som røykdykkar i operativ avdeling. Han er glad for moglegheita til å drive aktivt førebyggjande arbeid, og på den måten gjere ein praktisk forskjell.

– Det gir meg noko å kunne verne om liv og helse, å redde og hjelpe folk. Det er bra at vi har eit stort fokus på trafikktryggleik, og at vi kan drive godt førebyggjande arbeid på det området og, seier han.

Ann-Therese Strønen
Begynte som branningeniør i førebyggjande avdeling 1. januar i år. Ho går tilsyn i ulike bedrifter og kommunale bygningar, har undervisning for store og små, og er med å gi branntekniske vurderingar i forbindelse med nybygg og liknande.

– Det er kjekt å kunne gi informasjon og hjelpe innbyggjarane våre. Samstundes er det gjevande å ha følelsen av at ein gjer noko positivt og brannførebyggjande. På den måten kan ein gjere ein forskjell for samfunnet, seier ho.

Toffe_motar_08 Toffe_motar_09

Les meir om tøffe motar i siste utgåve av SenterAvisa.

Gjer eit bidrag til brannskadde
Lindås og Meland brann og redning kan ikkje ta i mot gåver for modelloppdraget men ønskjer at Knarvik Senter gir eit bidrag til Norsk Forening for Brannskadde. Knarvik Senter gir kr 5000,- til foremålet og takkar for sporty innsats.