Smil som smittar

Anten det er på kaféen eller når han treff menneske i nærmiljøet brenn Jimmy Pasali for å skape ei god oppleving for folk rundt seg. Ei slik haldning spreier seg, og er kanskje ei av årsakene til at miljøet på Folkemunne er heilt spesielt.


Dei har ei stor mengd faste kundar som etter kvart kjenner både kvarandre og kafeen godt. Den er blitt eit viktig sosialt haldepunkt, kor mange er innom kvar einaste dag for å drikke ein kopp kaffi og slå av ein prat.
– Det er eit veldig avslappa miljø på Folkemunne, både blant kundane og dei tilsette. Vi tullar mykje, og har det gøy på jobben, samtidig som det er takhøgd for å vere seg sjølv heile vegen, fortel Jimmy som driv kafeen.

I jobben møter han mange i ulike livssituasjonar, og det at menneske må tørre å ta kontakt med og bli kjent med kvarandre er noko han er spesielt opptatt av.
– Nordmenn er kanskje litt sjølvhøgtidelege, og det treng ein absolutt ikkje å vere. Eg har høyrt historier om folk som har budd ved sidan av kvarandre i same blokk i 15-20 år som framleis ikkje helser på kvarandre, og det er litt skremmande, seier han.

– Alle må bli kjent med kvarandre

Jimmy er opphavleg frå Hellas, og trur sjølv at dei greske genane har bidratt til å gjere han ekstra utadvendt.
– Eg ønskjer å formidle og motivere andre til å sjå at sjølv om ein har det vanskeleg eller livet jobbar mot ein, så går det an å halde humøret og motivasjonen oppe. Samtidig finn eg ein utruleg stor inspirasjon i møtet med kundane og medarbeidarane våre. Vi tar ein prat og snakkar om korleis det går, og det handlar om å gje noko tilbake. Ikkje berre på jobben, men også i nærmiljøet. På den måten skapar vi noko saman. Alle må bli kjent med kvarandre, seier han.

Han fokuserer på at ordet miljø er noko som spennar om utruleg mykje, og framhevar det å sjå og vere tilstades for menneske både i og utanfor eigen omgangskrins.
– Det handlar om korleis ein har det på jobben og elles, i gruppe og som enkeltpersonar. Vi må bryte ned dei kløftene som finst i samfunnet, men det er ikkje lett. Når eg fyller bensin så treff eg ofte på kundar. Skal eg slutte å seie hei fordi eg ikkje er på jobb? Ein kan ikkje gjere det. Det er ikkje to forskjellige verder, og miljø handlar om så mykje meir, seier han.