Tid for å sykle

Anten du er ein erfaren heilårssyklist eller ein som likar å sykle til og frå fotballtrening i sommarhalvåret, er det nokre ting du bør tenkje på når du skal finne ein sykkel som passar for deg. Først og fremst er det viktig at du tar stilling til kor du vil bruke den.
– Dersom du primært skal sykle på asfaltert veg vil eg anbefale ein hybridsykkel med store dekk som trillar godt på asfalt, og som er det vi sel mest av i dag. Alternativet er offroadsyklar med litt kraftigare dekk, som er eit godt val for born og ungdom som ønskjer å sykle litt utanom allfarveg. Hos MX-Sport Atleten har vi gode syklar frå kjende merke som DBS, Merida og GT til både born og vaksne, fortel Bjørn Rune Blomvågnes.

Vidare er det viktig å kjøpe ein sykkel i rett størrelse. Dette gjeld spesielt til born kor det er lett å velje ein som er større enn det som er ideelt.
– Det er betre at borna veks ut av sykkelen enn at dei skal vokse inn i den. Det handlar om mestring og sykkelglede, samtidig som dei lærar fortare å sykle viss sykkelen ikkje er for stor. Også med tanke på sikkerheit er det lurt at dei meistrer syklane godt, seier han.

Tøft med hjelm

Å bruke hjelm er heilt sjølvsagt, men det er også andre ting ein må passe på for å gå ein trygg sykkelsesong i møte. Før sesongen bør ein i god tid gå grundig gjennom sykkelen og sjekke at alt er som det skal.
– Nokre ting klarar du å gjere sjølv, medan andre ting bør gjerast på ein verkstad med rett utstyr. Hos oss har vi ein erfaren sykkelmekanikar som kan ta oppfølging på syklane og reparere dersom noko blir øydelagt. Venter du til dømes for lenge med å skifte bremseklossar øydelegg du felgen og reparasjonane blir mykje meir omfattande, åtvarar Bjørn Rune.

Slik gjer du sykkelen vårklar

Vi har tatt ein prat med sykkelmekanikar Joakim Wallmark og fått hans beste tips.

  1. Vask og sjå over sykkelen din. Det viktigaste du gjer er å sjå etter om noko er slite. Ser strømper og wirar OK ut? Har ramma fått frostskader etter å ha stått kaldt gjennom vinteren? Korleis står det til med dekka?
  2. Går kjedet som det skal? Dra det rundt og sjå etter. Treng det berre litt olje kan du gjere det sjølv, men skal det bytast må den leverast inn til ein fagmann.
  3. Korleis ser bremseklossane ut? Har du felgbremser kan du til nød byte dei  sjølve. Har du skivebremser bør du få hjelp av ein verkstad.
  4. Girstrømper og bremsestrømper skal vere heile og fine. Tørre wirar kan oljast, men det sikraste er å byte dei. Er det rust skal dei bytast, og då bør den leverast inn.
  5. Ein gamblar ikkje med tryggleiken. Difor må ein ikkje gløyme å følgje med sykkelen gjennom sesongen. Syklar du berre i sommarhalvåret er ein grundig sjekk ein gong i kvartalet passeleg, medan det for ein heilårssykkel bør gjerast ein gong i månaden.