På lunsj med kiropraktorfamilien

Det er ikkje uvanleg at kollegaer kjenner kvarandre godt. Likevel er det ikkje alle plassar at nesten alle kjem frå same familie.

Alle som har vore innom Knarvik Kiropraktorklinikk kan nok kjenne seg igjen i at der er ein heilt spesiell stemning, med mykje godt humør og ein lun humor. Brørne Lars-Otto, Carl-Erik og Sture-André er alle kiropraktorar. Det same er Anita, kona til Lars-Otto, medan Therese, kona til Carl-Erik, er massasjeterapaut. Kvar dag tek dei ein times pause for å spise lunsj saman, og det er lett å kjenne igjen den fine tona dei i mellom også her. Alexa har ikkje jobba ved klinikken, men kjem innom og et lunsj med dei så ofte ho kan.

Det heile starta med at Lars-Otto tok kiropraktorutdannig i USA. Likevel vil ikkje han ta på seg noko skuld for at dei andre valde å følgje same veg. Kanskje har det meir å sei at far til dei tre brørne alltid har vore svært positiv til kiropraktikk. Anita var eigentleg sjukepleiar på ei nyføddavdeling då ho såg at mange av babyane blei friske med kiropraktikk, og ho valde å byte. Ho byrja utdanninga samtidig med Carl-Erik. Dei to ler og fortel at dei framleis er vener etter å ha vore romkameratar i studietida. Therese jobba eigentleg i barnehage, men tok massasjeutdanning seinare då ho ønskte å jobbe på ein annan måte. Sture-André skulle eigentleg bli “datagut”, men etter eit år i Garden fekk han mykje tid til å tenke, og endte som kiropraktor i staden.

At dei hamna i Knarvik er heilt tilfeldig. Etter at Lars-Otto starta hos ein annan kiropraktor som trengte hjelp her i 2001, passa det godt å kjøpe klinikken. Sidan då har dei alle gjort strilar av seg, og det har vore naturleg å utvide tilbodet i takt med at Nordhordlendingane har oppdaga nytten av kiropraktikken. Når dei byrjar å telje oppdagar dei at dei til saman har rundt 65 års erfaring innan kiropraktikk og massasje, noko som gjev dei ein solid dose kompetanse. Dette kan ein sjå igjen i det svært gode ryktet dei har bygd opp, og at mange av pasientane kjem langvegsfrå. Anten dei kjem frå andre sida av Sognefjorden eller eit stykke syd for Bergen, er fellesnemnaren at dei opplever å få den beste hjelpa hjå klinikken i Knarvik.

Ein skulle kanskje tru at det å arbeide så tett på dei nærmaste kunne by på nokre utfordringar, men i følgje den livlige gjengen går det veldig bra. Dei er gode vener, og meiner det er ein fordel at dei kommuniserer godt. Skulle det oppstå noko er dei flink til å ta det opp med ein gong, og dei veit alltid kor dei har kvarandre. Om noko synest dei meir synd på resepsjonisten Cathrine, som er den einaste som ikkje er ein del av familien. Ho blir beskriven som den som passar på dei, og legg ned ein innsats langt utanom det som står i stillingsinstruksen ved å hugse på ting som planleggingsdagar og liknande som Anita fortel at det ikkje alltid er like lett å få med seg sjølve.

Mange av dei som er pasientar ved klinikken får med seg ei oppmoding om å gå tur for å hjelpe kroppen å mjukast opp litt. Når SenterAvisa stikker innom dei i lunsjen dagen etter vårt første møte, er nesten alle gått ut. Den siste delen av pausen brukar dei gjerne til å følgje sitt eige råd, og på denne tida finn du dei ofte i Brekkeløypa i Knarvik, anten aleine eller saman med ein eller fleire av dei andre.