Knarvik Senter GAMES 2016

Velkomen til uhøgtideleg kappestrid i Knarvik Senter!
Er du god på tippekonkurransar, skjortebretting, bokstabling, potetskrelling, presisjonskjøring eller pilkast?

Då utfordrar vi deg til å delta i Knarvik Senter GAMES 2016!
Lørdag 11.juni vert det uformelle konkurransar i fellesarealet, der ein kan melde seg på i ulike klassar:
Familie – start kl. 12
Venner – start kl. 13
Enkeltperson start kl 14

Premieutdeling ca kl 15

Påmelding skjer på Senterscena frå kl. 11, og det er sjølvsagt gratis å delta. MEN ver rask; det kan bli rift om plassane i konkurransen!

Det vankar fine premiar frå butikkane i senteret, og vinnarane må vere til stades på premieutdelinga.