Strålande jul på Cuba

Når Daynelis Silva reiser heim til Cuba for å feire jul er det aller viktigaste å danse, spise god mat og berre vere saman med familien.

Daynelis (26) kom til Noreg for to år sidan, og starta på norskkurs ved Lindås Vaksenopplæring nesten med ein gong ho kom til landet. Ho er fødd og oppvaksen i millionbyen Havanna, men bur no på Lindås saman med mannen sin. Det å flytte til Noreg var ein stor overgang.

– Det er ganske stille her, og eg er vand med at det skjer litt meir. Eg kjem frå eit varmt land, kor vi bur og lever tettare saman. Sjølv om ein går på jobb og skule så møtes ein oftare for å prate og besøkje kvarandre. Derfor er det godt å ha skulen, der eg kan møte andre og snakke med folk frå mange forskjellige land og kulturar, fortel ho.

Dans og samhald

Vi er midt i adventstida, og sjølv om jula for Daynelis ikkje er ei religiøs feiring, har ho mange juletradisjonar. No ser både ho og mannen hennar fram til å reise til Cuba for å skape nye gode minne saman med familien der.

– Vi feirer 24. desember slik som de gjer i Noreg, og tradisjonane våre har nok oppstått som ei krysning mellom ulike kulturar og religionar. Sjølv om det er lysare på Cuba enn i Noreg pyntar vi med masse lys, og juletre med kvit bomull som liknar på snø. Ein forskjell er at vi ikkje bruker lysande julestjerner. Det skal eg ta med heim til Cuba i år, seier ho.

På julaftan møtest dei gjerne til lunsj allereie i 12-tida og er saman heile dagen. Dei har ikkje ei gåvetradisjon slik vi har her i Noreg, men brukar dagen til å danse og spise god mat saman med dei dei er glade i. Maten kan til dømes vere svin med kvit eller svart ris, steikt banan eller yuca, som er ein potetliknande grønnsak.

– Første gong vi i familien min utveksla gåver slik de gjer det her var for fire år sidan, så dette er ganske nytt for oss. På Cuba har det vore sånn at alle må vere like, men det er nok likevel nokon som har hatt denne tradisjonen tidlegare. Familien min likar å vere saman. Vi er ikkje så mange, og er mykje saman også elles i året. I desember er det likevel spesielt, då bur vi hos kvarandre og er saman nesten heile tida, fortel ho.

Trivst på skulen

Daynelis og mannen hennar har kjøpt eit lite hus på Cuba og håpar, med tida, å kunne byggje dette ut. Likevel er det i Noreg dei bur, og ho håpar å med tida kunne ta ei utdanning som gjer at ho kan jobbe med mennesker, gjerne innanfor helsesektoren. Ho skryt veldig av norskopplæringa, og er spesielt imponert over tolmodet til lærarane.

– Eg trivst veldig godt. Det er flinke lærarar, som jobbar for å finne ein veg slik at alle skal forstå alt. Viss ein elev ikkje forstår forklarer dei det ein gong til, og dei går ikkje vidare før alle er med. Dei har eit tolmod som eg ikkje har sjølv, seier ho.