Apotek 1 + Facebook = Sant

Har du sjekka Facebooksida til Apotek 1 Promenaden den siste tida? Den er full av gøyalt engasjement frå dei tilsette, som gjennom å by på seg sjølv gir deg gode råd og tips til korleis du kan få en betre kvardag. 

Anten det gjeld å stå framfor kamera, ta bilete, lage filmar eller å komponere innlegg er ein ikkje aleine om det på apoteket. Dei siste månadane har ein kunne bli kjent med dei tilsette gjennom videoar med alt frå tips til korleis ein kan få best effekt av allergimedisinen sin til informasjon om kundeklubbkampanjar akkompagnert av flott trombonespel.
– Det er noko vi gjer saman. Alle er involverte, og alle blir tatt bilete av. Det er kanskje litt rart å sei at det er med å skape fellesskap, men det er jo det fordi det er noko alle er med på, og som alle synast er gøy. På den måten er det også med på å bygge opp under arbeidsmiljøet, seier fungerande dagleg leiar Tormod Hausken.

Sporty damer 

Han fortel at det er ein fin gjeng med dyktige, initiativrike og spreke damer på apoteket. Stemninga på apoteket er god, noko også kundane gjev tilbakemelding om.
–  Det har vore lite utskifting blant dei tilsette, og det er difor ein gjeng som har jobba saman i mange år. Eg er avhengig av å ha dei andre med på laget, og uten dei hadde vi ikkje fått til alt vi har gjort i sosiale media. Det er ein sporty gjeng som stiller opp. Arbeidsplassen er den staden vi brukar mest tid utanfor heimen i løpet av livet, og då er det viktig at ein har det gøy. Vi har fullt fokus på det, og at det skal vere litt løs stemning kor ein kan tulle litt med kvarandre. Det trur eg også ein kan sjå att i Facebook-innlegga, seier han.

 

 

Tormod er opprinneleg frå Karmøy, men bur i Knarvik. Han byrja å jobbe på Apotek 1 Promenaden i juni i fjor etter ti år som farmasøyt ved andre apotek i kjeda, og fortel at han har kost seg veldig i den tida han har vore der.
– Det har vore kjempekjekt, og det skuldast ein kombinasjon av fleire ting. Strilefolket veit ein er fine folk. Vi har nesten berre hyggelege kundar og hyggelege tilsette. Også bur eg i Knarvik, det er veldig praktisk sånn sett. Eg jobbar med ein gjeng som vil noko, og som har lyst til at apoteket skal bli så bra som mogleg. Når ein får lov til å jobbe med sånne folk er det kjekkare, og det gjer arbeidskvardagen lettare, seier han.

Først og fremst faghandel

De har hatt flest brukte kupongar av alle butikkane i senteret dei vekene det har vore kundeklubbdagar det siste året. Kva betyr kundeklubben for dykk? 
– Dei vekene det er kundeklubbkampanje er veldig gode veker for oss. Vi har eit godt tilbod, men og ein veldig god oppsving. Tilbodet gjer at vi får folk inn i apoteket, men dei kjøper ikkje berre det som er på tilbod. Dei kjøper andre ting også som gjer at totalsalet og alle parametre vi målar blir betre. Vi tener kanskje ikkje så mykje på den varen dei får 40 prosent avslag på, men kanskje kjøper dei medisinane sine i tillegg fordi dei får eit tilbod på ein annan vare dei skulle ha. Eg trur folk set pris på det, og det er positivt både for oss og kunden, seier Tormod.

Sjølv om dei er flinke både på Facebook og kundeklubbkampanjar er likevel det viktigaste for dei som jobbar der at apoteket er ein faghandel.
– Kundane er sjølvsagt nøgde med å kunne få gode rabattar på ei vare, men hovudtanken vår som apotek er at vi er her for å bry oss om kunden. Vi skal skape gode kundemøter med omsorg og god informasjon når ein henter ut medisinane sine. Det er mange som er sjuke og har det tøft når dei kjem hit. Det å kunne vere tilstades, gje god service og kunne strekke seg litt lenger for å gje den hjelpa dei treng er det viktigaste for oss, seier han.

 

 


Facebook verkar 

Tormod er sikker på at det å nytte digitale kanalar som Facebook og kundeklubb til å kome i kontakt med kundane verkar, men legg til at ein må jobbe med det og gjere nokre grep for at det skal fungere.
– Det å berre legge ut noko på Facebook genererer ikkje likarklikk, ein må kanskje ha konkurransar og liknande som trekk folk. Dersom det skal ha nokon effekt må ein ha ein base med folk som følgjer sida. Det er ikkje poeng i å bruke tid og energi på noko som ingen ser, då kan ein heller gjere andre ting, seier han.

Då han kom til apoteket i juni var det 120 personar som likte sida, og sidan då har dei jobba mykje med å betre dette talet.
– No vi over 1250, så det har aukt bra. Ein spør jo ikkje kvar kunde som kjem inn i apoteket om dei har sett det på Facebook, men det er ein tydeleg tendens til at det å dele informasjon på denne måten trekk kundar. Dette merka vi spesielt med den filmen vi hadde til sist kundeklubbkampanje, då hadde vi ny rekord i antall brukte kupongar. Det er stadig konkurranse på apotekmarknaden, og då må ein gjere det ein kan for å få kundane inn til apoteket. For oss er sosiale medium ein del av den pakka, fortel Tormod.

Innhaldet for det som kjem i tida framover vil han ikkje røpe, men han oppmodar alle til å gå inn å følgje sida deira.
– Det kjem definitivt fleire filmer i tida som kjem. Det er berre å følgje med, så får innhaldet kome som ei overrasking, avsluttar han.

Vil du sjå meir av det den livlege gjengen har å by på? Lik Facebook-sida til Apotek 1 Promenaden