Eric Odeen til Nattope

Målet til Eric Odeen er å bli verdas beste liveartist. Saman med sitt storband skal han avslutte kvelden på nattope fredag 12. mai. Frå klokka 22.3o er du velkomen til å oppleve eit forrykande liveshow på Senterscena, fylt av energi og fengande musikk frå kjente og kjære storbandlåter til Eric Odeen sine eigne ferske hits.

Eric Odeen heiter eigentleg Eirik Odden, og er ein artist og låtskrivar frå Bergen. Han har stått på scena sidan han var fem år, og har dei siste to åra satsa som soloartist innanfor popsjangeren. Kanskje har du allereie høyrt ein av singlane hans? “Run with you” er i skrivande stund spelt av over 330000 gonger på Spotify, medan musikkvideoen til “I don’t really dance” er sett over 75000 gonger på facebook.
– Dersom ein vil ha lange show og jobbe mot å gjere noko skikkeleg fett live, så må folk kunne fleire enn to songar. Difor brukar eg mykje tid i studio for å få skrive ned så mange låter som mogleg, som til slutt skal ende i ei plate. Eg vil helst spele så mykje som mogleg også, men for å kunne gjere det må ein ha mange låter ute, fortel han.

Får vere akkurat den han vil

Eirik trivst best med å lage musikk i studio, og sjølv om ei låt kan dukke opp kor som helst.
– Eg brukar mobilen og speler inn ideer når det dukker opp. Samtidig skriv eg alt saman med Mads Arron i Tunepark studio. Eg skreiv åleine før, men etter kvart byrja eg å like å skrive saman med andre menneske. På den måten kan vi gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar. Når han sit med pianoet og eg med gitaren så plar det å kome ein magi, fortel han.

EricOdeen_IDontReallyDance_Still01

Inspirasjonen tar han frå andre menneske og alle rundt seg, men familien har likevel ei spesiell rolle.
– Eg finn inspirasjon i det eg ser, høyrer og føler. Det må vere personleg, ellers er det ikkje noko poeng i å drive med dette. Min morfar hjalp meg mykje når eg var liten. Han dreiv med det sjølv når han var yngre, og var den som lærte meg å spele gitar og korleis ein kan starte band og drive med musikk. Familien har alltid hjelpt meg, og har aldri oppmoda meg til å gjere noko anna sjølv om det å satse på musikken er ein litt annleis veg å gå. Dei lar meg vere kreativ, og det er ei støtte som gir inspirasjon, fortel Eirik.

Ei djupare meining

Det å kunne vere seg sjølv og gjere akkurat kva ein vil er viktig for Eirik, og det er også noko av det låta “I don’t really dance” handlar om.
– Ein trur kanskje at den handlar om dansing, men det er verkeleg ein anti jantelov-sang. Eg kan vere akkurat den eg vil, og gjere akkurat det eg vil – når eg vil. Det er mykje eg ikkje kan, men eg gjer det likevel, og har ein noko i mot det kan ein ta seg ein bolle, seier han.

_CN14331Sjølv om det er pop-artist han skal være, trivst Eirik godt også innanfor storband-sjangeren. Før bandet kom saman hadde han hatt av sjangeren i nokre år og tenkt at det kunne vere gøy å gjere noko med det, utan heilt å vite kor han skulle starte.
– Eg snakka litt med bassisten i bandet om det, og det viste seg at han kjente mange som spelte dei instrumenta me mangla. Frå vi valde å gjere det til vi spelte inn første singelen gjekk det berre eit par månader. Eg var usikker på korleis så mange skulle klare å henge saman å bli ein gjeng, men vi hadde god kjemi frå første stund. Å ha eige show med Eric Odeen er vanskeleg akkurat no, så difor er eg veldig heldig å få spele med storband og kunne gjere coverlåter, seier han.

Er du spent på å høyre meir frå Eric Odeen? Gled deg til å høyre han med storband på Senterscena fredag 12. mai klokka 22.30. 

Sjå videoar frå Eric Odeen: