Konkurranse! Få ditt bilete på forsida av SenterAvisa

Send inn ditt bilete innan torsdag 1. juni og bli med i konkurransen om å få ditt bilete på forsida av sommerutgåva av SenterAvisa, i tillegg til eit gåvekort på Knarvik Senter til ein verdi av 2000 kroner. 

No til helga kan meteorologane love rundt 20 gradar og sol i heile distriktet vårt. Det nærmar seg sommar i Nordhordland, og vi er godt i gong med å lage årets sommaravis. Denne gongen håpar vi at nettopp du vil bidra ved å sende inn ditt beste bilete innanfor tema “Sommar i Nordhordland”. Kanskje har du eit bilete frå fjæresteinen? Eit du tok ut på stranda, eller på fisketur i fjor? Viss ikkje får du mange sjansar med det fine veret denne helga.

Kriterium for å delta i konkurransen

1. Biletet må vere i høgdeformat

2. Biletet må ha ei oppløsning på minimum 300 dpi og 3500 x 2500 pikslar

3. Det må vere folk på biletet – dyr og natur er ikkje nok aleine

4. Biletet må kunne representere “Sommar i Nordhordland”, og aller helst vere tatt i distriktet

Send inn ditt bilete samt namn på fotografen, namn på den eller dei som er fotografert og telefonnummer til ingerid@picapoint.no innan torsdag 1. juni. Merk emnefeltet med “Fotokonkurranse Knarvik Senter”. 

Vinnaren blir kåra av reklamebyrået Picapoint. Det blir premiert med å få vere forsidebilete til neste SenterAvis, samt at vinnaren får eit gåvekort på Knarvik Senter til ein verdi av 2000kr. 

Treng du inspirasjon? Bla gjennom tidlegare utgåver av SenterAvisa