Sommarkonkurranse

– Vinn ein båt m/motor til ein verdi av kr. 100.000,-!

For åttande gong kan du som kunde i Knarvik Senter vere med i trekninga av ein flott landstedsbåt med motor av typen 460 Sc med Suzuki 25 ATL frå Hobby Boat as.

– Vi er glade for det lange samarbeidet med Hobby Boat, og vil anbefale kundane våre å stikke innom dei på Eikanger. Det er utruleg kjekt å kunne dele ut ein så flott gevinst, seier senterleiar Åge Torsvik.

For å delta må du vere kundeklubbmedlem, handle og få stempel i fire forskjellige butikkar, skrive kontaktinformasjon på kupongen og levere denne ved båten på Sentrumstorget. Er du ikkje medlem allereie, kan du enkelt melde deg inn i ein av butikkane eller på kundeklubb-sida vår. Konkurranseperioden er frå 1. til 31. juli, og båten er utstilt på Sentrumstorget i perioden. Trekninga skjer i starten av august, og vinnaren vil bli kontakta på telefon. Vinnaren må også rekne med å stille opp til ein reportasje på SenterBloggen.

Besøk oss i juli og delta!

Ikkje medlem av kundeklubben?
Du kan melde deg inn her »

SLIK DELTEK DU

Du må vere minst 15 år og medlem i Knarvik Senter sin Kundeklubb for å delta. Dersom du ikkje alt er medlem, kan du melde deg inn i ein av butikkane eller på kundeklubb-sida vår. Legg så handleturen innom 4 ulike butikkar i Knarvik Senter mellom 1. og 31. juli og få stempel på konkurransekupongen. Kupong får du i butikkane. Lever ferdig utfylt kupong i postkassa ved båten på Sentrumstorget, og du er med i trekninga av denne flotte fritidsbåten m/motor frå Hobby Boat.

Vinnaren vert trekt i august, og kontakta direkte. Du må gjerne delta fleire gongar!