– Han elskar at vi går på tur, då finn han roen

Håkon (2,5 mnd) har til tross for sin unge alder allereie gått mykje på tur saman med mamma Solvor og tante Anna. Dei tre har planar om å gå alle ti Tursekken-turane denne sommaren.

Solvor Osland Lilleberg, Anna Osland Øvretveit, Håkon Osland Lilleberg og Aina Therese Erstad gjekk saman på Nøttveitveten for første gong då me traff dei.
– Det var ein veldig grei tur. Vi var litt uheldig og traff tåke når vi var på toppen slik at vi mista utsikta, men det var veldig kjekt å gå. Vi er ikkje så glad i orm, så vi må gå når det ikkje er så fint ver, fortel Solvor.

Nøttveitveten er eit populært turmål, og ligg saman med Solendfjellet og Morkefjellet i friluftsområdet Radøy kommune har valt som Tusenårsstad. Det blei også kåra til det mest attraktive friluftsområdet i kommunen under Friluftslivets år i 2015.
– Eg, Anna og Håkon går mykje tur i lag, og det gjer Anna og Aina også. Håkon elsker å å vere med, då finn han roen. Aina er vakse opp ved Nøttveitveten og trengte ein pause frå studiane, så vi valde å reise ut for å gå på tur med ho, seier Solvor.

IMG_2301

Her går du

Det går fleire stiar til Nøttveitveten. Går du frå Solendfjellet byrjar turen ved det høgste punktet på bilvegen mellom Manger og Marås. Frå skiltet langs vegen køyrer du opp grusvegen til parkeringsplassen. Her er det skilta til Nøttveitveten, og det er merka sti vidare. Du får raskt fin utsikt over Manger, og første topp på turen er Solendfjellet. Herifrå går du vidare nedom Dyrdalen, før du går vidare opp det brattaste partiet mot toppen. Her kan du velje mellom å gå på merka sti inne i skogen eller utanfor med utsikt over fjorden. Denne turen tar om lag 30-40 minutt ein veg, og passar for alle. Vel du å gå frå Nøttveit er turen kortare, men og brattare. Ønskjer du ein lengre tur kan du gå vidare til Morkefjellet og Kartveitfjellet sørover.

IMG_2305

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10