Frå toppen av Åsane

Ronny Monsen har dei siste åra vore på Hordvikveten fleire gonger i veka. Målet er minst 100 turar i året, noko han også i år ligg an til å klare med god margin.

– Eg har gått over 75 turar så langt i år, og var her i går og. Det er fantastisk fint her oppe. Eg går i all slags ver. Nokre dagar er det fint som i dag, andre gonger klarar ein ikkje å stå oppreist. Då må eg berre opp og røre varden før eg spring ned att, seier han.

Ronny trivst godt i fjellet, og meiner det er aukande trafikk i området. Når vi treff han har han allereie gått opp til Geitanuken og vidare innom Toppe, Hitland og Falkanger til toppen av Veten.
– Eg synst det er kjekt å sjå at folk går på tur. Når ein går her ofte treff ein mange rutinerte gjengangarar, samtidig som det kjem fleire og fleire her oppe. Veten er lett tilgjengeleg, og det er fint at ein kan gå frå fleire stader. Samstundes gir turen mange moglegheiter for tilpasning anten ein ønskjer ein kort eller ein lang tur, fortel han.

IMG_4471

På tur i ferien

Søstrene Ada og Sina Mykkeltvedt gjekk tur til Veten saman den aller første dagen i skuleferien.
– Vi likar godt å gå på tur, helst i fjellet. Vi er ofte på Hordvikveten, det blir nesten kvar helg. I alle fall annankvar, fortel dei to.

Veten er eit populært turmål, og med sine 486 høgdemeter er den og det høgste fjellet i Åsane. Det finst gode stiar til toppen frå så godt som alle sider av fjellet. Vi valde å køyre opp mot Falkanger og Sætregården, kor det er ein fin parkeringsplass. Eit anna alternativ med god parkering er å kjøre forbi IKEA til Melingen, kor ein kan starte turen ved å følgje Den Trondhjemske Postvei. Dersom ein ønskjer ein lengre tur kan ein utvide ved å gå til Høgstefjellet eller Tellevikfjellet.

IMG_0033

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på
    Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10