På veg mot toppen

Vi har treft nokre av dei som gir Indregardsfjellet ein naturleg plass i kvardagen

Knarvik-marka med Gamleskulen og Indregardsfjellet er eit attraktivt turområde. Turid Taule Kjemphol er ein av dei som går turen så ofte ho kan.
– Det er ein veldig fin tur. Eg går når eg er heime og har tid, og det blir nesten kvar morgon i vekedagene. Vi er mange som går her ofte, og eg syns det er kjekt å gå om formiddagen fordi det er mange som går på den tida. Jo tidlegare ein går, jo fleire treff ein, fortel ho.

 Ho har budd i Knarvik sidan 1976 og har gått på Stegane sidan starten, om ikkje like ofte som i dag.
– Den gongen var det sånn at vi oftast gjekk inn til Furubergtunnelen, og så gjekk vi gjerne på Indregardsfjellet og Håøytoppen om sundagane, fortel ho.

IMG_4420

Tysdagsturen

Mange nyttar også fjellet som sin møteplass. Torunn Haugland og Jorunn Hellesøy trivst godt i naturen, og går saman til Indregardsfjellet kvar tysdag.
– Vi har ein runde på tre timar vi går året rundt, uansett ver. Vi går fyrst til Gamleskulen og vidare opp Skaret til toppen, før vi går ned igjen til Gamleskulen og avsluttar ved Orresteinen. Bøkene kor ein kan registrere at ein har vore her er med å motivere, fortel dei.

Dei to føler seg heldige som bur i Knarvik og set pris på det sosiale i å gå saman.
– Vi bur på ein måte midt i smørauget, og det er godt å kunne gå heimanfrå. Vi preikar like mykje som vi går, og det er kjekt å treffast på denne måten, seier dei.

IMG_4401

Her går du

Løypenettet i Knarvik-marka er omfattande, men godt merka. Mange starter i Brekkeløypa, går opp BKK-bakken og vidare på skilta sti mot Gamleskulen. Der er fleire ulike stiar skilta mot Indregardsfjellet. Ned igjen kan du gå over Aksla og Langheiane, og ende ved parkeringsplassen ved idrettsbana. Ønskjer du ein lengre tur er dei gamle skulevegane mot Isdal eller Gjervik fine alternativ, eller du kan gå vidare til Gladihaug.

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10