Sparkar kvarandre ut på tur

Når veninnene Norunn Åkernes Jordal og Vivian Bjørnsen går tur saman er det ikkje berre beina som får trim, men også snakketøyet.

– Nede i bakken måtte vi ta ein pause fordi vi berre måtte fortelje noko, seier dei smilande.

Dei to går tur saman fleire gongar i veka, og set pris på det sosiale i å ha nokon å gå med. I kvardagen går dei stort sett til Fløyen på Kløve, medan helgane kan by på lengre turar.
– Det er ein veldig grei rundtur. Dei er veldig flinke til å ordne i stand i skogen her, og lagar nye omvegar der det er blautt. Vi sparkar kvarandre ut, og går ofte i lag. Det er fint å bu her på verdas finaste plass og ha skogen så nært at vi berre kan gå rett ut, fortel dei.

IMG_4511

Lengre oppe i løypa treff vi Bjørn Tore Jordal. Han har Fløyen som nærmaste topp, og går turen 60-70 gongar i året.
– Det er fint å ha ein lokal mosjonstur med mange moglegheiter om ein ønskjer å fortsette innover. Ein får pulsen opp, samstundes som det tar passe med tid. Eg likar betre å gå beint opp mot ein topp enn i terreng som varierar opp og ned, og då er Fløyen fint, fortel han.

Familievenleg løype

Det går fleire skilta stiar til Fløyen frå Kløve, som alle er rundt halvannan kilometer kvar veg. I nokre av løypene finn du skilt som beskriv det du kan sjå i naturen rundt deg, noko som gjer dette til ein ekstra kjekk tur for born. Ønskjer du ein lengre tur er det mange moglegheiter med godt oppmerka stiar, til mellom anna Tveitavarden og Selivarden. Vi valde å parkere ved Trekanten Aktivitetspark. Her er det kjekt for born å leike, og aktivitetsparken er utgangspunktet for Trekantmarsjen kor du kan vinne ekstra premiar ved å gå dei tre Tursekken-turane Fløyen, Myrsfjellet og Baståsen på same dag.

IMG_0057

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på
    Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10