Tursekken motiverer

Birthe Kråkenes Bjørstad er ein ivrig Tursekken-deltakar. I 2015 gjekk ho alle ti turane, og i år håpar ho å gjenta suksessen. 

Saman med ein kollega har Birthe allereie jogga til Håøytoppen fleire gongar i år. Dei reknar rundt ein halvtime kvar veg når dei joggar. Skal du gå kan du godt rekne det dobbelte. Turen går gjennom variert terreng, og passar for alle.
– Vi har gått ein del på tur rett etter jobb på fredagar. Fleire av dei har gått til Håøy, og då joggar vi til topps og tilbake. Det er ein veldig grei tur å bruke til treningsløype sidan den begynner så slett og fint innover før du får godt med motbakke mot toppen, fortel ho.

Birthe - sjølfiI 2015 gjekk både Birthe og ektemannen Trond alle turane i konkurransen, fleire av dei saman med heile familien. Planen er å gjenta bragda i år, og så langt har ho vore på Håøytoppen, Indregardsfjellet og Rusta.
– Gjennom desse åra har vi oppdaga mange nye plassar. Det gir ein ekstra motivasjon til å kome seg ut på tur, ein tenkjer gjerne at ein må gå på ein av desse toppane. Sleirsfjellet skal det bli kjekt å gå om att. For to år sidan var det så dårleg ver at vi måtte lage camp med ungane på 400 meter og løpe ein og ein til toppen, seier ho.

Flott friluftsområde

Håøy er ei halvøy i tilknytning til Flatøy, med historisk betydning frå viktingtida og fram til i dag. Øya er full av gamle kulturminne og har ei rik militær historie som preger landskapet. Ta av E39 ved blandeverket, her er det mange parkeringsplassar. Tidlegare gjekk ein gjennom blandeverket, men dette området er no stengt for gjennomgang. Følg gjerdet nokre hundre meter lengre sør til skilt mot ny oppmerka sti. Vidare går turen i variert terreng fram til Håøy. Nede ved sjøen finst det eit stort og velhaldt friluftsområde med toalett, grillplass og brygger du kan nytte om du kjem sjøvegen. Vidare kan du følgje vegen som slyngar seg mot toppen og nyte utsikt i alle retningar.

IMG_4464


Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10