Fortast mogleg mot toppen

Ketil Mikkelsen spring på tid, og likar at høgdemetrane kjem fort på veg opp Brakstadfjellet.

– Eg plar å løpe opp hit rundt ein gong i veka, men no er det ein stund sidan sist. Eg bur på Holme, og det er fint å ha ein slik tur i nærleiken. Vanlegvis spring eg heimanfrå, men i dag valde eg å starte litt lengre inne. Det er ein fin tur kor høgdemetrane kjem kjapt samstundes som ein får utsiktspunktet på toppen, fortel han.

IMG_0210

Ketil trimmar nokre gonger i veka, og i motsetning til mange av dei som går i fjellet er han ikkje oppteken av å notere namnet sitt i turbøker eller å vere med på konkurranser.
– Eg har vore her så mange gonger, og gjer det mest for mosjonen og treninga sin del. Då er det viktigare å sjå kor fort eg går. Eg er blitt for gamal for toppidretten, og då er det fint å kunne halde seg i form på andre måtar, seier han.

IMG_0197

Bratt mot slutten

Toppen av Brakstadfjellet ligg 318 meter over havet, og er det nest høgste fjellet i Meland. Stien snirklar seg behageleg oppover fjellet, og er lett å finne. Du rekk å sjå den karakteristiske installasjonen til Luftfartsverket fleire gonger før du når opp. Turen passar for dei fleste, sjølv om det siste stykket kan vere litt bratt og kronglete. Dette gløymer du imidlertid fort når du får sjå utsikta frå toppen. Her kan du sjå langt og i mange retningar på fine dagar. Kjem du med bil er det fint å parkere på Vollo. Herifrå kan du følgje ein fin grusveg forbi eit vanntårn. Når vegen er på sitt høgste tar du av på merka sti mot Brakstadfjellet. Du bør rekne rundt to timar på turen, og det kan vere greitt å velje gode, vasstette sko. Myrtveit og Sjurdal er andre fine utgangspunkt for turen.

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på
    Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10