– Det er verdt det når ein får sjå utsikta frå toppen

Tove Sleire og Hanna Sleire Tenjum (13) bur på Sleire, og har vore på Sleirsfjellet mange gonger. Når vi treff dei har dei ferie, og den skal nytast. Kvifor ikkje gjere dette ute, på veg mot toppen av eit fjell?

– Det er kjekt å vere ute i naturen, og turen gir god mosjon. Idrettslaget set opp postar kvart år, og i år er det mogleg å nå 6-7 av dei her frå Sleire. Det synst vi er veldig fint. I dag skal vi gå vidare til Gullbrekkefjellet, fortel dei to.

Risnes IL har sidan 2009 årleg arrangert motbakkeløpet Sleirsfjellet opp. Her finst det både konkurranseklassar og familievenlege mosjonsklassar ein kan delta i alt etter kva som passar for ein. Tove var med i komiteen, og tok tida på deltakarane på toppen.
– Dette er min 15. tur opp hit i år, men det er mange som går mykje. Det var ein konkurranse kor ein skulle gå ti gonger før Sleirsfjellet opp. Slike konkurransar ballar fort på seg, seier ho.

IMG_0438

Rigmor Furnes og Svein Berg har med seg hunden Ringo på tur, og dei tre likar å vere aktive i ferien.

Aktiv i ferien

Ekteparet Rigmor Furnes og Svein Berg har hytte ytst i Arekletten, og trivst med å være aktive med turgåing og kajakkpadling sjølv om det er ferie.
– Det er ein veldig fin tur. Vi har vore her før, men måtte berre gå her igjen. Det er like fantastisk kvar gong. Turen er godt merka samstundes som den er passe lang og bratt. Også er det så fin utsikt frå toppen, fortel dei to.

Sjølv om dei to går mykje på tur, skulle dei likevel ønskje at dei var flinkare.
– Det er den berømte dørstokken, kanskje bør vi berre ta den vekk, spør Svein med eit smil.

Rå rekord

Køyr til grendahuset på Sleire, her er det god parkering. Ta av på grusvegen inn mot Markusdalen ved skulemuseet. Etter nokre hundre meter går du til venstre på godt merka sti opp fjellet. Sjølv om rekorden ligg på 20.44 minutt til toppen vil ein normalt bruke om lag to timar på turen. Frå toppen er det nydeleg utsikt over skjærgården og fjella i Masfjorden og Gulen.

Mi personlege oppleving denne dagen

Måndag 24. juli reiste eg til Masfjorden for å gå på Sleirsfjellet, den 7. av alle Tursekken-toppane eg har besøkt i sommar. Familien min på farsida kjem frå Torsvik i Masfjorden, og det var med andre ord relativt kjente traktar eg skulle besøke. Sjølv om eg har hatt selskap av familie og vener på alle turane så langt kan det ikkje samanliknast med den folkemengda som møtte meg på Risneskaien denne dagen. Eg hadde på førehand høyrt rykter om at far min hadde lokka med nokre av slektningane våre på tur, men at vi skulle telje 13 personar med nærare 70 år mellom yngste og eldste var både imponerande og overveldande.

IMG_0338

13 Torsvikingar er klare for tur på Sleirsfjellet. Frå venstre: Anbjørg Torsvik, Elin Torsvik-Lund, Flemming Torsvik-Lund, Sigurd Ertvaag, Benedicte Midthaug Torsvik, Ona Elisabeth Olsvoll Torsvik, Bjørg Daae, Kåre Torsvik, Christine Torsvik, Vetle Daae, Lavrans Daae og John Daae.

For meg vart denne turen eit heilt spesielt symbol på det fine og unike naturen har å by på. Sjølv om den relativt bratte stigninga opp Sleirsfjellet er kjend for å vere ein arena for motbakkeløp må det ikkje gå fortast mogleg mot toppen. Ti av oss gjekk til toppen, medan nokre heller fulgte grusvegen til endes i Markusdalen. Vi valde å stoppe mange gonger undervegs. Nokre gonger for å drikke vatn og få att pusten, andre gonger berre for å prate og ta ein bit sjokolade. Dersom ein tar den tida ein treng er naturen tilgjengeleg for dei aller fleste av oss, noko som i tillegg til trening og mosjon opnar for flotte aktivitetar og sosiale opplevingar saman med vener og familie. For mange av oss kan det og representere eit nødvendig avbrekk og pusterom i den stadig meir digitaliserte kvardagen vi lever i, sjølv om det sjølvsagt er lov å plukke fram mobilen for å ta Tursekken-sjølfien på toppen.

IMG_0432

Har du med niste er det fint å raste ved varden som er satt opp på toppen. Her finn du og Tursekken-plakaten og ei bok du kan skrive namnet ditt i.

Slik fungerer det

  1. Finn skiltet på ein av dei ti konkurransetoppane.
  2. Ta eit sprekt bilde av deg sjølv med turfølge og skiltet.
  3. Send bilde på MMS eller legg det ut på Instagram. Hugs å følgje oppskrifta som står på kvart enkelt skilt, og bruk riktig emneknagg.
  4. No er du med i trekninga av ein flott tursekk med flotte premiar frå våre samarbeidspartnarar i tillegg til gåvekort frå Knarvik senter.
  5. Gå turen ein gong til, eller vel ein annan topp! Kvar “registrering” på
    Instagram eller MMS tel som eit lodd, jo fleire toppar og bilete, jo større vinnarsjanse!
Turmåla Kart turprosjektet 2017
  1. Brakstadfjellet i Meland
  2. Håøytoppen i Meland
  3. Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  4. Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  5. Baståsen (Eikanger) i Lindås
  6. Fløyen (Kløve) i Lindås
  7. Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  8. Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  9. Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  10. Veten (Hordvik) i Åsane 

God tur! Vil du bli inspirert og sjå korleis folk har hatt det på tur oppmodar vi til å gå innom Instagram og følgje med på emneknaggane #knarviksentertur og #knarviksentertur1-10