Oppdrag Juleglede

Anne Hvidsten kjem til Knarvik Senter 1. desember for å lese frå boka si «Oppdrag Juleglede»

For ei som har hatt julestemning sidan april, kan det jo tenkast at det snart er nok med nissar, julebrus og marsipan. Men Anne Hvidsten gler seg meir en nokon gong til jul.

Ho har brukt dei siste åra på å skrive ei julebok, og har blitt både forfattar, forleggar, distributør og promotør i prosessen. Prosjektet har vakse seg større og større, og har blitt til musikk, ein strikkekolleksjon – og boka «Oppdrag juleglede – En julefortelling i 24 deler».

Men det heile byrja med historier på sengekanten:

— Eg var litt lei av dei tradisjonelle julekalendrane, så eg fortalte vår eldste dotter historier kvar dag i staden, medan eg hadde den yngste dottera på armen, fortel Hvidsten.

Historia heldt seg berre munnleg den første jula, før Anne såg seg nøydd til å skriva ho ned.

— Det var ei personleg historie i byrjinga, som handla om våre tradisjonar, og om vår vesle familie. Så grunnhistoria har vore der heile vegen. Men eg har naturlegvis jobba inn ein del element for å få ei samanhengande, spanande historie, seier Hvidsten.

Families fra boka les i bok

Illustrasjon frå boka. Dei to søstrene Ane og Selma ser i eit fotoalbum saman med bestefaren.

Ein juletradisjon?

Historia handlar om ei jente som heiter Ane. Ho bur med familien sin – ei mor, ein far og ei syster.Ho bestemmer seg for å lage ein julekalender til bestefaren sin, for å gjere han glad igjen. Han har mista kona si, og gler seg ikkje lenger til jul.

— Historia er i grunn ganske trist og vemodig, men varm. Og slutten er lukkeleg – som seg hør og bør i ei julehistorie. Og så har den litt humor i seg også. Den skal vere like gøy for vaksne som for barn, seier Hvidsten.

Sjølv om boka er delt inn i 24 kapittel, eitt for kvar dag i advent, er ikkje Hvidsten så oppteken av at ein følgjer datoane slavisk.

— Ein må ikkje lese boka som ein adventskalender, for historia er like aktuell uansett. Les ein med barn vil det dukke opp spørsmål og diskusjonar undervegs. Og eg tykkjer at ein skal ta dei diskusjonane som kjem. Kvifor gjer vi som vi gjer, og kvifor skal vi vere gode med kvarandre?

— Men ein skal fint kunne lese eitt kapittel kvar dag. Eg håper jo litt på at boka kan bli ein juletradisjon, smilar ho.

Musikk

Dei som kjenner til Anne Hvidsten vil nok først og fremst forbinde ho med musikk. Frå vaskeekte pop-landeplagar som «Need to know», til rolegare «Heim til Austrheim». Og sjølv om ho no har skrive bok, kjem ho ikkje bort frå musikken.

— Eg hadde ein heil masse låtar og tekstar i dei første utkasta til boka. No er det berre to igjen: «Snømannsangen» og «Desembersang», fortel Hvidsten.

Dei er begge tilgjengelege på digitale plattformar, og har sterk tilknyting til historia i boka.
— «Snømannsangen» handlar om å byggje verdas største snømann – enkelt og greitt, ler Hvidsten. Ho legg til at «Snømannsangen» også kjem som musikkvideo, med animasjonar inspirert av illustrasjonane i boka.

Den andre låta som har blitt laga til «Oppdrag juleglede» har eit litt meir vemodig bodskap, og kjem allereie i første kapittel av boka.

— «Desembersang» sett tonen for boka, og handlar om å ta vare på kvarandre og tradisjonar – sjølv om ein saknar nokon som ikkje er her lenger, seier Hvidsten.

Strikk

Ane lager kalender

Illustrasjonene til Solveig Serigstad Hauge har på seg klede frå den nye strikkekolleksjonen.

Boka er illustrert av Solveig Serigstad Hauge. Ho har gjort karakterane levande, både med fargar og klesplagg. Dei to søstrene i historia, Ane og Selma, har veldig kjennelege kler på seg gjennom heile boka.

— Eg plukka ut garnfarger når vi gjekk i gong med illustrasjonarbeidet, slik at alle karakterane har kvar sin farge, fortel Hvidsten.

Sjølv om Anne ikkje kan strikke sjølv, er mor hennar ein kløppar i faget.

— Mamma er ei «strikkemaskin»! Ho har vore med på å finna ut kva karakterane skal ha på seg, slik at ho kunne laga strikkeoppskrifter basert på boka, seier ho.

Kva no, Anne Hvidsten?

Sidan ho bestemte seg for å gi ut boka i april, har mykje av livet handla om jul for Anne Hvidsten – enten det er bok, musikk eller strikkekolleksjon. Men kva no, når jula faktisk kjem bankande på døra?

— Juleferien med familien blir nydeleg. Eg skal lese bøker og gå i pysjen, ler Hvidsten.

Ho har gitt seg sjølv karantene til etter jul. Ingen skriving av noko slag.

— Det er klart dette prosjektet har vore omfattande, men heldigvis har eg hatt god hjelp. Denne boka har vore eit familieprosjekt på mange måtar. Vi har stått å pakka bøker til langt på kveld, og heile familien har hjelpt til, seier Hvidsten.

På nyåret ventar meir skriving og albuminnspeling, så Anne blir ikkje gåande ledig med det første.

— Eg har hatt nokre år utan slike prosjekt, og det har ikkje alltid vore like gøy. Ein må bruke kreativiteten, eller så visner ein. Og sjølv om dette prosjektet blei større enn eg hadde trudd, har det vore verdt det, slår Hvidsten fast, før ho legg til:

— Og klarar eg å glede andre, så har eg lykkast!