Sett saman draumebryllaupet på Knarvik Senter

På torsdag vert det bryllaupsmesse på Knarvik Senter. Rundt 30 utstillarar blir å finne på Sentertorget – alle med eit felles mål: Å skape den perfekte bryllaupsdagen.

– Det er jo ein av dei største dagane i folks liv. Så det å få hjelpe til med å laga ei god ramme rundt kjærleiken og giftemålet, er ei stor ære, seier ein engasjert Anne Hvidsten, som er toastmaster for anledninga. Ho har tidlegare laga bryllaupsmagasin, så ho veit kva som rører seg av tilbod der ute.

– Det vert ei variert utstilling, med masse flotte utstillarar som byr på smaksprøvar. Her kan gifteklare finne hjelp til å setje saman ein draumedag, samtidig som det vert moglegheiter for å reisa heim med gode premiar, fortel ho.

Vinnarane av dei ulike konkurransane vere til stades under showet.

– Der vil vi, i tillegg til å rope ut vinnarane, ha ein motevisning og ein konsert med Myra, fortel Hvidsten.

Alt til det perfekte bryllaupet

Målet har vore å finne utstillarar med tilknyting til Knarvik Senter og Nordhordland, men dersom ein skal kunne arrangere eit draumebryllaup frå ende til annan, treng ein kanskje eit par aktørar frå utanfor regionen.

– Det kjem mellom anna nokre utstillarar frå Voss, som arrangerer utdrikkingslag. Som ein bonus vil ein kunne vinne ein utdrikkingslagspakke under messa, med rafting og full pakke, fortel toastmaster Hvidsten.

Med andre ord er dette ein samling utstillarar som har alt som trengs for å skape eit perfekt bryllaup, og meir til.

– Messa har blitt til med hjelp frå ein masse flotte folk, og er eit stort samarbeidsprosjekt. Eg garanterer smaksprøver, mykje folk og stor stemning, seier Hvidsten.

Giftejungel

Å gifte seg er for mange den viktigaste dagen i livet. Alt må vere (tilnærma) perfekt, og det er mykje å halde styr på. Spesielt i førebuingane og planlegginga av den store dagen.

– Det er ein jungel av informasjon der ute! Eg trur det kan vere godt å møte dei ulike aktørane andlet til andlet, seier Hvidsten.

På messa kan ein omtrent ordne og bestille heile bryllaupet på ein stad, og ein kan få smake, kjenne på og sjå dei ulike produkta med eigne auge.

RubinbryllaupBryllup2018

I år feirar Knarvik Senter 40 år, og ein kan kanskje sei at senteret då feirar rubinbryllaup med innbyggjarane i Nordhordland. Dette vil også bli synleg under bryllaupsmessa.

– Som eit estetisk verkemiddel brukar vi rubinfargen – den litt mørke, raude fargen – på messa. Den ynskjer vi at skal gå igjen, som eit fargetema for heila messa. Nett som i eit vanleg bryllaup, der ein gjerne har ein farge i tillegg til det kvite, fortel Hvidsten.