Generasjonsbedrifter i Knarvik Senter

I 40 år har Knarvik Senter samla Nordhordlandsregionen. Og to bedrifter har halde stand lenger enn dei fleste.

– Vi fekk vi tidelt ein tomt i 1976, og starta bygginga i ’77. Den 23. november året etter opna vi butikken her ute, fortel Odd Haaland. Han er ein sjølvtitulert sjuande far i huset hjå Haaland Eurosko Knarvik AS.

– Og sidan har vi vore her, ler han.

Generasjonsbedrift

Familien Haaland har seld sko på Knarvik Senter, så lenge det har vore eit senter her. Og dei har seld sko i Bergen endå lengre enn det. Den første skobutikken i familien Haaland opna i Strandgaten i Bergen heilt tilbake til 1915.

I dag er det tre generasjonar Haaland som har jobba, eller jobbar i skoforretninga på Knarvik Senter.

Odd Haaland, som var med far sin under opninga av butikken. Dottera hans, Kathrine Haaland Ekkeren, som i dag er dagleg leiar av butikken. Og son hennar Mads, som har vanka i butikken sidan han var 12 år gammal, og no er ekstrahjelp medan han studerer.

– Eg studerer marinteknikk, fortel Mads og ler.
– Det kan jo vera greit å ha noko å falla tilbake på, skyt Odd lattermildt inn.

Eit liv i saksagamle annonser

Ei anna bedrift som har vore i Knarvik Senter meir eller mindre sidan byrjinga, er Knarvik Frisør. Johnny Eidsheim har jobba som frisør sidan 1977, og var med då faren hans opna salongen på senteret.

Han hugsar godt dagen han byrja på frisørskulen. Det var nemleg ein spesiell dag for alle musikkinteresserte i heile verda.

– 16. august 1977, var dagen eg byrja på frisørskulen. Det var òg tilfeldigvis same dagen Elvis Presley døydde. Eg var stor fan, og det var ein dag med blanda kjensler, for å sei det midlt, fortel Eidsheim.
– Eg er inne i mitt 41. år som utøver av yrket. Så ein kan jo seie at eg halde på ei stund, konstaterer Eidsheim med eit smil.

Bombar og granatar

Knarviks fyste frisørsalong opna ei lita stund etter dei andre butikkane i senteret, og grunnen til det er så 1970-tals som nokon anna.

– Salongen opna ikkje før i mars 1979. Altså gode 9 månader etter at senteret opna. Det blei slik fordi vi måtte bygga bomberom til alle dei andre butikkane. Det ligg i dag i kjellaren under Vitus Apotek, fortel Eidsheim.

Då Knarvik Senter vart planlagd på 70-talet var det nemleg ikkje heilt god stemning på kontinenta.

– Det var jo kald krig den gongen. Klart det skulle vere bomberom på senteret, seier Eidsheim.

Eit foreina senter

Sjølv om senteret har vore ein samlingsplass i 40 år, og mykje har skjedd opp igjennom åra, er det likevel i relativt nyare tid at den største forandringa har skjedd.

– Den største utviklinga i senterets historie var då glastaket kom, fortel Kathrine Haaland Ekkeren.

– Det endra heile opplegget. Før sprang jo folk mellom butikkane. Det er ikkje akkurat til å stikka under stol at det er mykje dårleg vêr her på Vestlandet, legg ho til.

– Og så kan man få arrangement innandørs, skyt sonen Mads inn.

Frisør Eidsheim trekk òg fram at ein no har eit samlingspunkt innandørs.

– Det har jo alltid vore julearrangement her ute. Eg kan hugsa at korpset vart ganske kalde på fingrane før glastaket kom, seier han lattermildt.

40 år til

Dei to bedriftene er positive til framtida, og dei trekk alle fram same grunn til det.

– Dette er ein møteplass, i aller høgste grad, seier Eidsheim, og meiner at heile regionen brukar senteret som ei storstue.

– Alt som skjer i samfunnet elles, skjer òg her på Sentertorget. Alt frå konsertar til politisk valkamp, legg Odd Haaland til.

– Det kjekkaste med å jobbe her ute er jo den gode kontakta vi får med kundane. Folk er jo grådig kjekke her ute, seier Kathrine.

For å gje eit eksempel på at Senteret er ein plass for å treffe kjente, fortel Odd om korleis det var når han skulle kjøpe ferskt brød laurdags morgon.

– Det tok gjerne to timar, for det var så mange å helse på! Skal man treffa folk, er det Knarvik Senter som er plassen, ler han.