I was there

Skribent: Marit Midtgård

Tru meg. Eg har både Spotify, Netflix og elbil. Eg likar sushi, quinoa og chiafrø. Men det er utanpå. Inni meg bur ei gammal dame. Ei som likar kinakål, cd-plater og bridgeblanding. Og ho lengtar attende til 90-talet. Nokre gongar så det nesten gjer vondt.

No tenker eg ikkje på 90-tals retro. Eg snakkar the real thing.

Eg tenker på turen på platebutikken. 179,- takk. Den lange vegen heim. Medan CD-en framleis var taus. Nedi den rosa posen frå Platon. Ingen snarvegar, men buss og lange bakkar. Deretter den heilage timen. Bak lås og slå. Heile plata. Frå ende til annan. Sånn var det.

Og det er her det skjer. Historia blir fortalt. Korleis denne stakkars artisten famlar rundt og lurar på kven ho er, og

kvifor? Og kven gjorde ikkje det på 90-talet, liksom? Og det er medan eg sit der, og les tekstane i CD-coveret, at det går opp for meg at det er ikkje den megahiten på spor to som eigentleg er den kulaste songen. Nei, det er nemleg the hidden track, 3:41 minuttar etter siste låta. Ha!

Og det er denne låta, som aldri vert plukka opp på samleplatene, på I love the 90`s og andra kramgoa låtar från nittitalet. Det er nemleg denne låta du ikkje kjenner til, om du ikkje var der! Den låta som aldri rakk å bli med over i millenniet og bli retro. Men eg var der!

Den gongen ein kunne sitje og høyre ein heil CD utan å bli forstyrra av ein einaste Snapchat. Ikkje så mykje som eit pip kunne høyrast. Iallfall ikkje før klokka fem. Til det var tellerskritta for kostbare.

Og det finnast fleire løyndomar. Fleire guilty pleasures. Den hemmelege CD-samlinga til dømes. Eg hadde minst tre samlingar. Ei som kunne stå framme til allmenn skue, og nokre som måtte bort. Den som kunne stå framme skulle innehalde nokre utvalde kvalitetar. Til dømes verkelege instrument. I tillegg skulle musikken vere litt underground og mystisk. Sinte vokalistar var å foretrekke ein periode. I Dr. Martens boots og t-skjorta utanpå gensaren. Ville tider.

Ei klok dame sa til meg at ho alltid fortalte dagboka kva inntrykk sansane hennar hadde fått. Så kva smakte 90-talet? Kva lukta det? I tillegg til kinakål. Jane Helen shampoo og Exclamation. Den parfymen med utropsteikn, veit du. Og det var sånn det lukta, og det var sånn det smakte, og det var sånn den låta var, dersom du var der.

Eg ser og høyrer det over alt. Bootsa, låt nummer to (den på samleplata), t-skjortene utanpå gensaren.

Men kids. Veit de kva som er skikkeleg 90-tals? Ekte vintage-retro-autentisk? Det er sakte tid. 90-talet var det siste tiåret i historia då minutta gjekk litt saktare og musikken varte litt lenger. Kinakålen kan de med fordel bytte ut. Men eg slår et slag for CD-plata. Og bridgeblandinga.

Du lurar kanskje på kva den hemmelege CD-samlinga inneholdt…? Sorry. Must have been there!