Jubileumsåret

Du har gjerne sett den nye logoen som vi har fått på sidene våre? Knarvik Senter fyller nemleg 40 år denne sommaren, og har tenkt å feire seg sjølv – og heile Nordhordland.

Den 28. juni, 1978, åpna Knarvik Senter dørene for fyste gong. Den gongen med nokre få lokale butikkar. Gjennom 40 år, har senteret gradvis vorte større, og blitt bygga ut til det møtepunktet vi kjenner det som i dag. Den lokale forankringa er framleis viktig for Knarvik Senter, som i dag er ein av dei største arbeidsplassane i Nordhordland.

– Senteret har vakse ved hjelp av lokale gründerar, og er framleis i lokale eigarar sine hender, fortel Åge Torsvik, senterleiar ved Knarvik Senter. Han gler seg til jubileumsåret, og fortel villig vekk om det som skal skje fremover.

Kake i Knarvik Senter

Feiring i sommar

– Sjølve førtiårsdagen vil vi feira med brask og bram, slik seg hør og bør for eit slikt jubileum, fortel senterleiaren engasjert. Han kan fortelja at det på torsdag 28. juni, vil vera kake og bursdagsfeiring, men vil ikkje sei så mykje om kva slags arrangement som vil finna stad.

– Det er framleis litt hemmeleg,  seier Torsvik lurt.

– Men eg kan med sikkerhet sei at blir feiring og ståhei på senteret. Alle som bur i Nordhordland, og alle som jobbar på senteret, skal få merke feiringa, legg han til.

Arrangement på Knarvik Senter

Omtenksom 40-åring

Til forskjell frå ei normal bursdagsfeiring, der jubilanten stort sett tek i mot gåver, ynskjer heller Knarvik Senter å gje noko tilbake. Både til kunder og lokalmiljøet generelt.

– Vi ynskjer å starte et «Vi bryr oss»-prosjekt ved Knarvik Senter. Det går ut på at vi skal samle inn midler til ein lokal organisasjon. Sidan vi i Knarvik Senter lenge har hatt som slagord at vi skal vere ein «møteplass for handel og kultur», ynskjer vi at pengane vi samlar inn gjennom prosjektet skal gå til ein lokal kulturorganisasjon, fortel senterleiar Torsvik.

Pengane skal samlast inn gjennom ulike arrangement, og gjennom eit boksal. Mellom anna skal Knarvik Senter, saman med avisa Nordhordland, ta opp att tradisjonen med Lysfesten. Overskotet vil gå til «Vi bryr oss»-prosjektet.

Miljøbevisst

Knarvik Senter skal òg gjere nokre løft på miljøfronten i år. Dei har nokre hårete mål for mellom anna plastposar.

– Vi ynskjer å redusera bruken av plastposar med 40 prosent i år. Det langsiktige målet vil vera å ikkje ha plastposer innan 3 år, men heller bruke handlenett, seier Torsvik.

Fotokonkurranse

I anledning jubileet arrangerer Knarvik Senter ein fotokonkurranse.

– Vi utfordrar folk til å sende inn bilete av Knarvik Senter gjennom 40 år. Ideen er å samle blinkskot frå senteret, og gjerne gamle bilete om folk har det, sier Torsvik.

Han håpar fotokonkurransen vil ende i ei utstilling, der ein kan sjå utviklinga av senteret gjennom åra.

Konkurransen vert gjennomført i samarbeid med Elitefoto, og ein kan senda, eller levera inn bileta til dei.