JAFS Knarvik har opna!

Mandag 16. april opna JAFS Knarvik dørene i Promenaden. Dei har pussa opp lokala etter jumjum/Bella Marino Pizzeria i tøffe moderne fargar. No er dei på plass og serverer fastfood som til dømes nylaga saftige hamburgarar, kebab, pizza, kyllingprodukt, salatar, tallerkenretter, iskrem og milkshakes.

Bak disken finn vi mellom anna dagleg leiar Senayt Asghedom, som også står bak smoothie-baren New In Town, nede i senteret. Den opna like før jul, så dette er ei tøff dame som står på, og ikkje er redd for å satse!

Den nye restauranten er ei familiebedrift, med dei gamle eigarane, ekteparet Pasali, som deleigarar.

– Eg har alltid likt plasseringa av lokalet, så då moglegheita opna seg var det berre å slå til, fortel Senayt.

Plasseringa av Jafs gjer at ho kan ha meir fleksible opningstider, mellom anna søndagsope. I tillegg er restauranten i nærleik til den vidaregåande skulen på Knarvik.

– Vi planlegg å ha studentrabattar slik at elevane kan få noko å ete til ei rimeleg penge. I tillegg til ansattrabattar for dei som jobbar på Knarvik Senter, seier ho.

– Verd det!

Med ein ny bedrift å ta hand om, er det ikkje til å stikka under stol at dagane vert longe.

– Ei ny bedrift krev all din energi og fokus. Først når du får bedrifta etablert og alt flyt litt lettare er det mogleg å ekspandera, så akkurat no er dagane gjerne frå ni om morgonen til ni om kvelden, forklarar Senayt.

Men sjølv om ho jobbar meir enn dei fleste av oss, er ikkje Senayt ei som klagar:

– Det er verdt det, utan tvil!

Når ho ser framover, håpar ho at dei som besøker senteret vil setja pris på hennar entusiasme og glød for plassane ho driv.

– Eg håpar på at dei som besøker oss kjem att, at maten vår er kjempegod og at vi kan få eit godt rykte på oss.