10 år med Salto

I 2008 opna Ungdomskontakten Salto dørene for første gong, og i år har dei heldt opent hus i ti år!

– Det er mange som er med på å få dette til. Det starta jo som et initiativ frå kyrkja, politiet og senteret. Men det er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire kommunar, og sju kommunar i  Nordhordland er med på finansieringa, fortel Ingrid Bekkenes, som er ein av to tilsette ved møteplassen på Knarvik Senter.

Salto er eit lågterskeltilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Der kan ungdom kome innom og prate med venner og dei vaksne som jobbar der, gjere lekser, spele eller berre slappe av.

– Alle vil bli sett. Eg trur mange kjem til oss for vaksenkontakten. Men andre kjem berre for det sosiale. Å kunne henge med vener, og generelt berre ha ein plass å gå til, seier Ingrid.

– Gir meg mykje

Gjennom ti år som tilsett ved Salto, er det ein ting som alltid har vore ein konstant
for Ingrid – nemleg ungdommane.

– Eg er kjempeheldig som får ha denne jobben. Ungdommane gir meg mykje. Berre det at nokon kjem tilbake til Salto fleire gongar, er og grådig kjekt og motiverande. Det betyr jo at vi gjer noko riktig, som gjer at dei ynskjer å kome tilbake, fortel Ingrid engasjert.

– Når ein arbeider med menneskjer, gjer kvar enkelt inntrykk på deg. Derfor er det ekstra kjekt når nokon kjem innom for å fortelje oss korleis det går. Enten dei har fått lappen, klart seg bra på ei prøve eller fått seg kjærast, fortsett ho.

Mykje bra i kommunane

Noko spådom for dei neste ti åra tør ho ikkje å kome med.

– Eg håpar jo at Salto består. Det er spanande tider framover, med samanslåing av kommunar. Det skjer heldigvis mykje bra arbeid i kommunane, og eg håpar at det gode førebyggande arbeidet i Nordhordland fortsett. Det er masse gode, flotte folk som jobbar med ungdom i heile regionen, fortel ho med eit smil.

Ho rosar òg Knarvik Senter, og alle som held til på senteret for sitt bidrag til Salto:

– At Knarvik Senter brukar tid og pengar på oss er veldig viktig for oss. At dei trur på oss. Sidan vi held til her, har vi ein sentral posisjon i regionene, og vi opplev samstundes ein veldig positivitet frå alle aktørane på senteret.