At bjuda på

Skribent: Marit Midtgård

Vi må treffast oftare! Kom innom og ta ein kaffi ein dag. Ja, berre kom. Men gje meg ei åtvaring først er du snill. Med god margin. Ei vekes tid? Eg og huset må berre vere perfekt først…

Den kjensla. Når alt flyt. Hybelkaninane dansar på bordet, oppvasken har nådd nye høgder, skittentøyet bugnar. Kvardag. Kort fortalt. Så ringer det på døra.

Angsten grip rundt hjarterota med klam hand. Beina byrjar å trippe. Det er brannslukking og skogbrann på ein gong. Panikken har overtatt. Kor vart det av den nonchalante husverten som inviterte på strak arm? Ho ligg og skjelv. Innst i skåpet.

Kven i all verda finn på å kome uanmeldt? Vi lever ikkje i 1995, akkurat! Panikkrydding. Hendene mine blir eit brøyteskjær. Alt inn på panikkrydderommet. The panic room. Bomberommet.

På med lipglossen. Neimen, hei, så hyggelig! Stig på. Ein kopp kaffi, sa du? Beklager, vi har verken kaffi, kaffikopper, kaffitrakter… eller stolar. Har rydda litt, skjønar du… Panikk igjen. Enter the panic room. Kor blei det av sofaen egentlig? …og ungane?

Heilt til ein dag. Då det kom ein vind frå aust. Eksotisk, mild og varm. Så, så, så…

Gode vener frå Sverige flytta til Noreg, med kofferten full av godis og kultur. Og det beste av alt. Fika. Smak på den. ”Att fika kan ha flera innebörder, men är oftast förknippat med att tillsammans med en eller flera andra ta en paus och äta något till”.

Og ikkje nok med det. Som reine sosialantropologen, har eg gjort nokre kvalitative undersøkingar kring fenomenet. Det handlar nemleg ikkje berre om å drikke kaffi.

Dette er filosofi og ideologi, på grensa til religion.

Å fika handlar om å stenge panikkrommet. Det handlar om å sette ytterdøra på klem og senke skuldrane. At bjuda på. Hyggeleg avbrekk frå husvask og tv-titting. Ikkje så mykje om fasade, men desto meir om kaffi…med tilbehør.

Utmärkande för fikakulturen i Sverige är också tillbehör som kanelbullen, sockerkakan, prinsesstårtan, dammsugaren och chokladbollen samt olika småkakor. Som Mariekjeks.

Det handlar om å rydde tid, ikkje ting. Takk, kjære Italia, for pizza, tiramisu og spaghetti. Takk Danmark for lange røde pølser. No vender vi blikket mot østens mystikk. Kvardags-yoga i ein enkel fika.

Så kjære familie, vener og loddselgarar: Kom inn, sitt ned, slapp av. Huset ser ikkje alltid slik ut. Nokre gonger er det verre. Får jag bjuda på en kaffe?