Gull i fire tiår

Berre ei handfull bedrifter har vore med i Knarvik Senter sidan starten i 1978. I denne utgåva av SenterAvisa har vi prata med Gullsmed Nyhammer, som har seld gull og grøne skogar i 40 år.

– Min far flytta inn i senteret i jula 1978, så vi vert faktisk 40 år gammal no til jul, fortel Roy Nyhammer, dagleg leiar og eigar av Gullsmed Nyhammer.

Gylne muligheiter

Tidlegare var Bergen ein viktig by i gullsmedsamanheng. Det var fleire store aktørar i bransjen som heldt til her, mellom anna Sigurd Homstvedt, som var Skandinavias største gullsmed på eit tidspunkt.

– Det var her min far gjekk i lære og arbeida før han starta opp for seg sjølv. Han jobba hos Homstvedt, men dreiv samstundes ein liten butikk i kjellaren heime. Ved juletider vart far min invitert opp til Mongstad. Der hadde dei eit velferdssenter, og far min fekk selje produkta sine der. Det la liksom litt grunnlaget for å starte opp ein eigen butikk, seier Nyhammer.

Nordhordland vart ein region i vekst og det vart behov for nye varer og tenester, det var derfor naturleg å etablera seg i Knarvik Senter.

Flaks i uflaks

Gjennom 40 år i gull- og diamantbransjen er det ikkje til å kome unna at det har vore nokon innbrotsforsøk.

– Før i tida var jo senteret heilt opent, og utstillingsvindauga våre var lettare tilgjengeleg enn dei er i dag, forklarar Nyhammer.

Men gullsmeden har alltid hatt flaks (eller «gullhår»? journ. anm.), og fått varene igjen. Spesielt eit forsøk hugsar han godt.

– Dei som rana oss bomma på ei bru i Austrheim og køyrde på sjøen. Alle varene dei hadde stole var igjen i bilen, og politiet fekk levert det tilbake kort tid etter, fortel Nyhammer.

Bunadssølv

Sjølv om mykje har endra seg på 40 år her i verda, er gullsmedyrket ein nokolunde konstant, skal ein tru Roy Nyhammer.

– Gullsmedyrket i dag er mykje det same som for 40 år sidan. Det minkar jo på fagfolka, for å sei det slik, og akkurat det kan ein merke, fortel han.

Roy var sjølv i eitt av dei siste kulla på gullsmedlinja på Bergen yrkeskule. No er det tre slike linjer igjen i landet – i Oslo, Fredrikstad og Setesdalen.

– Sjølv om yrket ikkje har endra seg så mykje, så er det éin vesentleg forskjell. Det er omtrent ikkje produksjon igjen i landet. Det er mykje import. Eg vil anslå at  80-90 % av det som seljast er importert frå utlandet, seier Nyhammer.

Derimot er det meste av bunadssølvet produsert i Noreg. Hos Gullsmed Nyhammer fører dei bunadssølv frå Sylvsmidja på Voss.

– Det er i hovudsak det det går i no om dagen, seier han, og siktar til at nasjonaldagen nærmar seg med stormskritt, før han fortsett, med glimt i auget:

– Bunadsbelter som av og til må ha nokon ekstra støler av ein eller annan grunn. Dei har det jo med å krympe desse beltene, veit du.