VIKTIG vdr. Kundeklubb

Har du fått ein SMS frå Knarvik Senter sin kundeklubb om å oppdatere dine samtykke? Dette er viktig for at vi framleis skal kunne sende deg informasjon om tilbod og kampanjar i senteret.

Alle medlemar i Knarvik Senter sin Kundeklubb skal no ha mottatt ein SMS med beskjed om å oppdatere sine personopplysningar. Dette er eit pålegg frå Datatilsynet i samband med oppdateringa av Personopplysningslova no i 2018. Den set strenge krav til at alle medlemar sjølve må bekrefte at dei framleis ønskjer å få tilbod og informasjon direkte tilsendt.

Det enklaste er sjølvsagt å oppdatere app’en på telefonen din, og i den gå gjennom alle opplysningar og godkjenne dei der. *Får du feilmelding i appen? Gå til App Store eller Google Play og OPPDATER for å få nyaste versjon av appen.

Ikkje smarttelefon?
Ein del av våre medlemar har ikkje smarttelefon og kan ikkje nytte seg av denne løysinga. MEN: Disse MÅ óg oppdatere og godkjenne sine opplysningar, og sidan dette er eit digitalt tilbod så må denne oppdateringa gjerast digitalt. Då kan ein gå inn via ei eiga side her på nettsida vår, og gå gjennom opplysningane sine der.
Nokre synes kanskje dette er litt skummelt, så her er det fint om ein kan hjelpe kvarandre!

Klikk inn på https://www.knarviksenter.no/kundeklubb/ og finn informasjon der det står Oppdatere personopplysningane dine? Logg inn med telefonnummeret ditt, scroll ned til der det står Samtykker, og kryss ut i dei tre boksane som viser der.
Vi kan ikkje sende tilpassa tilbod, informasjon, rabattar og e-post til medlemmer som ikkje har takka ja til dette etter 25.mai 2018. Vi ønskjer sjølvsagt at alle som er medlemar i kundeklubben vår oppdaterer opplysningane sine, slik at dei framleis får ta del i alle fordelane som medlemskapet gir!