Jubilant i jubilanten

– Det er mange månader til enno! Anita Saltnes Ramsøy ler hjarteleg når vi pratar om det føreståande jubileet.

Ho feirar nemleg 40-års jubileum i år, same år som Knarvik Senter. Sjølv har ho ein sterk tilknyting til Senteret, og har jobba her i mange år.

For tida kan du finne Radøy-jenta hos Lindex, og det er sjefen hennar som har tipsa redaksjonen om at ho har jubileum, noko som gjorde at vi fekk sjanghaia ho til dette intervjuet.

– Eg håpar jo at sjølve dagen går stille og roleg for seg, men det spørs jo korleis det går no, seier ho og glisar breitt, medan ho nikkar mot notatblokka og fotografen.

Liv i klesbutikk

Anita har fagbrev i butikkfaget frå Nordheimsund, og har jobba i klesbutikk rundt halve livet, altså i 20 år.

– Oi! Det blir jo nokre år faktisk, utbryt ho når ho reknar på åra.

– Eg er glad i kler, kan det sjå ut for! fortsett ho, med ein trillande latter.

Ho har gode minner frå senteret gjennom 40 år, men ho kan ikkje sei at det har forandra seg mykje på alle desse åra.

– Taket var naturlegvis ei stor forandring, då det var mykje opnare før. Ein del butikkar har kome og gått, men i alle høve er det mykje det same, seier Anita.

40-årskrise?

– Det blir nok ikkje noko slikt på meg, nei! seier Anita bestemt.

Ho understrekar – som rett er – at 40 er det nye 30, og at alder berre er eit tal. På senterets vegne kan ho ikkje vere like sikker, men ho håpar det skal gå bra.

– Eg håpar ikkje senteret får noko 40-årskrise, nei. Det må følge tida. Men kvar alder har jo sin sjarm. Eg håpar senteret klarar å vekse, og bygge seg vidare, og at det fortsatt er eit attraktivt senter som folk likar å handle på, seier ho.

Stille og roleg

Medan vi tek bilete og kastar vilt rundt oss med konfetti inne på New in Town, går det fleire kjende forbi. Lang fartstid i butikk, kombinert med Anitas gode humør og vinnande vesen, gjer ho til eit kjend andlet på Senteret.

– Huff, det er forferdeleg med så mykje oppmerksemd, spesielt når den berre er retta mot meg! seier Anita litt brydd, men med godt humør i stemma.

Ho tek det heile med eit glimt i auget. Som ho sa heilt i innleiingsvis: det er mange månader til.

Slik er det ikkje med Knarvik Senter, som allereie 28. juni vert 40 år. Då skal det feirast med brask og bram på Sentrumstorget, med kake og kaffi og flotte tilbod hos butikkane.