Let the games begin!

Skribent: Marit Midtgård

Eg fekk høyre om to skulejenter som sat på bussen. ”Er førti mykje, eigentleg?”, spør den eine. ”Det kjem an på”, svarar den andre. ”Førti kroner eller førti mord?”
I følge kalendarenburde eg ta innover meg at eg nærmar meg 40-årskrisa. Må ikkje forvekslast med midtlivskrisa, for eg planlegg å leve i minst 120 år. Den krisa skal eg kome tilbake til. Men først denne. 40-års krisa. Kneika.

Eg lurar på korleis jentene på bussen ville forholdt seg til førti år. Det må jo vere langt utover deira fatteevne. Og kanskje mi. Spør eg tante Gunni på 90, ville ho definert 40 år som ungdomstid. Og sidan eg eigentleg kjenner meg i takt med tante Gunni i sinnet, kan eg ærleg tala ikkje sjå kva som skulle krisemaksimere seg ved fylte 40. Eller..?

Så kva kjensler vekker førtitalet? Kor trudde eg liksom at eg skulle vere -by now? I min pure ungdom, var eg ganske sikker på at vi alle skulle leve som Maika frå verdsrommet i det vi bikka år 2000. Litt skuffa måtte eg innsjå at verda var som før, og at klokkeradioen på nattbordet tok nye rundar. Totalt uanfekta av den krisa vi befant oss i.

Like sikker var eg på at ved fylte 27, skulle eg ha kome i mål. Og min definisjonen på det, var at stasjonsvogn, FAU-møter og heimelaga kjøttkaker skulle prege min kvardag. Den gang ei. Men veit du kva? Verda gjekk vidare. Og eg med den. 27-årskrise eller ei.

Så er det vel sånn. Krisa kokar ned til forventningar og verkelegheit, og alt mellom dei to. Kor ein gjerne skulle vore, og kor ein faktisk er. Om avstanden er leveleg, er det berre å fortsette på livets landeveg– med Brelett på bagasjebrettet og vind i håret. Er derimot avstanden for stor, må ein gjere ein av to: Justere nokre forventningar. Eller justere litt på verkelegheita. Og begge kan kreve si kvinne – eller mann.

Men heilt seriøst (serr, for dei under førti): Kva er vel eigentleg deiligare enn å ikkje vere 17 år lengre? Då den ungdommelege energien gjekk med til å bekymre seg over kvisa i panna, feil farge på jakka og foreldre som meinte ein burde vere i seng kl ti. No er kvisene bytta ut med smilerynker, fargen på jakka er irrelevant, så lenge den er praktisk og anvendeleg, og leggetid kl ti er luksus.

Så. Strengt tatt burde eg eigentleg ønske meg ei lita krise. Ei som kunne tatt meg litt i kragen og røska litt i Breletten på bagasjebrettet. Kortid kan eg forvente at den kjem? Krisa. Den som får meg til å kjøpe motorsykkel, beseire Mount Everest, springe New York Marathon, starte matblogg og endeleg realisere meg sjølv? Come to me! Eller lat det vere.

Så med utgangspunkt i at det er knapt med tid, og at eg er makeleg anlagt, har eg vald å justere litt på krava. Så… Om krisa likevel skulle melde seg, snikande og uanmeldt, skal eg vere førebudd.

Note to self:
#1: Eg treng ikkje bestige Mount
Everest, men ein tur på Gladihaug er fint

#2: Eg skal nyte min kinakål, men sørge
for å ikkje gå tom for bridgeblanding

#3: Eg skal fortsette å øve på høge hæler,
men bere mine brodder med stolthet

#4: Det er heilt greit å lytte til Nitimen,
men Ronny på P3 skal ingen ta frå meg

#5: Eg skal stryke bunadskjorta mi sjølv,
men om nokon tilbyr seg å hjelpe, er det
lov å takke ja.

Spenn deg fast.
Let the games begin!